Ung gutt som skyter på blink med pil og bue utendørs
Kunnskap om målgruppen gir treffsikkert folkehelsearbeid
Bilde: Andrew M. S. Buller

Program for folkehelsearbeid 2017 - 2027

Program for folkehelsearbeid er ei tiårig nasjonal satsing for å utvikle kommunane sitt arbeid med å fremje helse og livskvalitet blant barn og unge frå 0 til 24 år.

Program for folkehelsearbeid i kommunane er ei nasjonal satsing for å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet. Fylkeskommunen har ei regional samordningsrolle i programmet, når det gjeld utvikling og evaluering av tiltak for å fremje barn og unge si psykiske helse og livskvalitet. Satsinga skal styrke det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i kommunane. Program for folkehelse skal gjennom ulike koordinerte prosessar styrke det helsefremjande arbeidet i kommunane. Eit overordna mål er at psykisk helse og førebyggjande rusarbeid vert ein integrert del av folkehelsearbeidet i kommunen.

Program for folkehelsearbeid skal legge til rette for kunnskapsbasert utvikling av arbeidsmåtar, tiltak og verktøy, samt stimulere til samarbeid mellom kommunesektoren og forskingsmiljø om utviklingsarbeidet.

Bergen kommune skal som tiltakskommune gjennomføre to prosjekt i programperioden:

Prosjekt 1: Helsefremmande miljø på sosiale media (oppstart 2019) - Fullført

Prosjekt 2: Helsefremmande barnehagar (oppstart 2021) - Pågår

Les mer