En heis i Klostergarasjen
HEISBYTE: Heisane i Klostergarasjen må bytast ut og byrådet rår til å løyve 16 millionar kroner til å gjennomføre prosjektet.
Bilde: Bergen parkering

Byter ut heisane i Klostergarasjen

Byrådet går inn for å løyve 16 millionar kroner til å byte ut fire heisar i Klostergarasjen.

Bergen kommune eig Klostergarasjen. Fire heisar har vore i bruk i parkeringsanlegget sidan det vart opna i 2005. Det er trong for byte ut heisane grunna slitasje, elde og manglande tilgang på reservedelar.

Heisane har passert normert levetid. Det gir utfordringar med drift og vedlikehald av dei. Tilrådinga frå Etat for bygg og eigedom er at heisane må snarleg bytast ut for å unngå driftstans.

Byrådet meiner tiltaket er viktig for å sikre tilgang og drift av parkeringsanlegget. Dei tilrår at prosjektet vert gjennomført slik saka skisserer. Prosjektet har ei totalramme på 16 millionar kroner. Midlane vert henta frå budsjettposten for mindre byggeinvesteringar.

Saka går vidare til utval for finans, kultur og næring.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 27. juni