Mann i dress snakker i mikrofon med elever i et klasserom.
NYTTIG: - Det er viktig for meg å besøke barnehagar og skular slik at eg får eit godt innblikk i tenestene som byrådsavdelinga har ansvar for. For meg er det nyttig å få direkte innspel frå barn og unge.
Bilde: Astri Kamsvåg

Elev på 5. trinn: - Kan du fikse kantine til oss?

Dette var eitt av spørsmåla elevane på Slettebakken skule hadde til den nye byråden for barnehage og skule i Bergen, Daniel Hägglund, då han var på besøk forleden.

Byråden svarte diplomatisk at han ikkje kan love at skulen får kantine, men seier at han tar innspelet på alvor.

Daniel Hägglund har vore tydeleg på at han raskt ønsker å besøke barnehagar, skular og pedagogisk-psykologisk senter regelmessig framover. Han vil treffe barn og unge og snakke med dei tilsette. Besøksrunden starta allereie fredag 24. november, under ein månad etter at han tok over ansvaret for dei kommunale barnehagane og grunnskulane i Bergen.

Lytte og lære

- Det er viktig for meg å besøke barnehagar og skular slik at eg får eit godt innblikk i tenestene som byrådsavdelinga har ansvar for. For meg er det nyttig å få direkte innspel frå  barn og unge. Frå dei som jobbar i barnehagane og skulane treng eg å høyre kva utfordringar dei har og kva dei lukkast med. Eg treng å forstå kvardagen deira og danne meg eit bilde av verkelegheita deira. Berre då kan eg tale deira sak i byrådet og bystyret.

Mann i dress snakker i mikrofon med elever i klasserom.
TIDLEGE SPRÅKTILTAK: Å sette inn språktiltak tidleg er ein av grunnane til at dei minoritetsspråklege elevane på Slettebakken skule blir integrerte. I underkant av ein tredjedel av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn.
Bilde: Astri Kamsvåg

Har lukkast med integrering

Slettebakken skule har rundt 400 elevar og ligg i eit område med levekårsutfordringar. Nær 30 prosent av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn.

29 ulike språk er representerte blant elevane. I morsmålsundervisninga får elevane opplæring i dei ulike faga på sitt eige morsmål. Elevar som nyleg er komne til Noreg, går i ein eigen innføringsklasse for å lære norsk for nybegynnarar. Òg etter at elevane har begynt i ordinære klassar på Slettebakken skule, kan dei halde fram med å lære norsk i språkklassar på kvart trinn.

Slettebakken skule har jobba systematisk med integrering av minoritetsspråklege elevar i ei årrekke.

– Vi har gjort mykje nybrottsarbeid med å integrere elevane. Mellom anna har vi veldig gode resultat av å sette inn språktiltak tidleg, fortel rektor Torgeir Skjælaaen.

Eit anna vellukka tiltak er å arrangere leksehjelp, ikkje berre for elevane men òg for foreldra.

- Kvar økt med leksehjelp avsluttar vi med kveldsmat. Når vi involverer foreldra på denne måten, skapar vi ein trygg atmosfære som gjer at samarbeidet og kommunikasjonen med foreldra går lettare, seier avdelingsleiar Cathrine Lønnheim.

Fem voksne sitter og står og ser på en stor skjerm som henger på veggen.
SAMARBEID: Cathrine Lønnheim (avdelingsleiar Slettebakken skule), Torgeir Skjælaaen (rektor Slettebakken skule), Arild Hovland (styreleiar Sportsklubben Trane), Margareth Stenberg (områdeleiar for Bergenhus og Årstad, Etat for skule), og byråd Daniel Hägglund på Slettebakken skule.
Bilde: Astri Kamsvåg

LIM-prosjektet for integrering: lekser, idrett, mat

For sju år sidan tok Arild Hovland, styreleiar i Sportsklubben Trane, initiativet til å starte LIM-prosjektet. LIM står for lekser, idrett og mat. Prosjektet går ut på at elevane skal ha høve til å få hjelp med lekser etter skuletid, delta på idrettsaktivitetar og få eit måltid mat, heilt gratis. Forutsetninga er tett samarbeid med idrettslag i nærmiljøet. Prosjektet starta på Slettebakken, og er no i full gang på fire andre skular med stor andel minoritetsspråklege elevar.

- LIM er eit unikt samspel mellom mange idrettslag som gjer det mogleg at elevane kan prøve ut opp til 15 forskjellige idrettar gjennom året. Eg liker å kalle LIM-prosjektet for ‘idrettens fargespel’, seier Arild Hovland.
 

Les mer om: