Fredag 28. april er ein merkedag for Bergen kommune. Då vart nemleg den første heilautomatiserte saksbehandlingsprosessen i kommune sett i produksjon.
Prosessen det er snakk om, er behandling av søknadar om skoleskyss. 28. april overtok nemleg kommuneroboten Digifrid saksbehandlinga av søknadane om skoleskyss.
Kjem trygt til skolen mykje raskare
Den digitale medarbeidaren saksbehandlar søknadar om skoleskyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Digifrid tek seg berre av dei enklaste søknadane. Saksbehandlarane i Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett skal fortsette å behandle dei meir kompliserte søknadane som krev skjønnsmessige vurderinger.
Når du fyller ut søknadsskjemaet, kan du velje om du vil samtykke til automatisert behandling. Gir du ikkje løyve, går søknaden vidare til ein saksbehandlar.
LENKE: Søk skoleskyss
Frå skolestart i august og ut september, mottar kommunen rundt 20 søknadar om skoleskyss dagleg. Søknadane hopar seg opp. Ventetida for barn som heilt klart er kvalifiserte til å få skoleskyss, må vente til saksbehandlarane har tid til å behandle søknaden. Med denne nye heilautomatiserte løysinga får elevane innvilga skyss mykje raskare, og dei kjem seg trygt til skolen.
Det er Skyss og Vestland fylkeskommune som har ansvar for å behandle søknadar om skoleskyss som gjeld avstand.