Trafikk på Damarks plass
VIKTIGSTE KJELDE: Vegtrafikk er den støykjelda som påverkar helsa til flest bergensarar. Bergen kommune startar no å arbeidet med ein ny handlingsplan mot støy i samarbeid med Statens vegvesen, Avinor, Vestland fylkeskommune, Bergen Havn og Bane Nor.
Bilde: Andrew M.S. Buller

Startar arbeidet med ny handlingsplan mot støy

Bergen kommune startar no rullering av handlingsplan mot støy for 2024-2030.

Ein samla plan mot støy skal gi kunnskap om helseverknadane støy har for innbyggarane i Bergen og kva tiltak dei ulike anleggseigarane har planar om å gjere for å redusere støy.  

Planen er eit samarbeid med Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, Avinor, Bergen Havn og Bane Nor.

Handlingsplanen vil erstatte dagens plan: Bergen kommune - Handlingsplan mot støy i Bergen 2018-2024 

Difor lagar me ein handlingsplan mot støy

For mykje støy er helsefarleg. Difor har forurensingsforskrifta reglar om støy. 

Målet er å forebygge og redusere utandørs støy i større byområde, frå vegar, baner og flyplassar. 

Byrådet vedtok i møte 30. juni 2022  å starte arbeidet med Handlingsplan mot støy i Bergen 2024-2030.

Kva skal handlingsplan mot støy innehalde?

Handlingsplanen skal lagast på bakgrunn av nye støykartleggingar av utandørs støy. 

Kartleggingane er samla i eit temakart, der estimat for støy er vist i intervall på fem desibel. Vi gjer merksam på at dette er overordna kartleggingar. For å kunne vurdere støybelastning på eit konkret område er det behov for meir detaljerte vurderingar. Kartet kan du sjå her.

Vidare skal planen vise dei tiltaka aktørane har meldt inn at dei vil gjere i planperioden for å redusere helseverknadane frå støyen. Aktørane er Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, Avinor, Bergen Havn og Bane Nor.

Når eit utkast til plan er klart vil vi offentleggjere det, slik at alle som ønskjer kan komme med sine innspel. 

Les mer om: