Corneliussen har sidan 2015 vore kommunaldirektør i Bergen kommune og har ei omfattande erfaring som leiar frå ulike felt i kommunen. No overtek han kommunaldirektørstillinga etter Anne Iren Fagerbakke som slutta ved nyttår.
- Vi er glade for å få inn Corneliussen i denne viktige stillinga for Bergen kommune. Han er ein av kommunaldirektørane med lengst fartstid som kommunaldirektør, gjennom meir enn ni år i rolla. Med ei solid leiarerfaring innan fleire komplekse fagområder i kommunen, er vi trygge på at dette er eit godt valg, seier Marte Monstad, nestleiar i byrådet og byråd for helse og omsorg. Det er Monstad som innstiller til byrådet i saka, grunna habilitetsomsyn.
Gler seg
- Eg gler meg verkeleg til å arbeide med nye og spanande saker i Byrådsavdeling for byutvikling. Sjølv om eg trivs svært godt som kommunaldirektør for finans, er det liten tvil om at byutviklingsfeltet er noko av det mest krevande og interessante kommunen held på med, og eg håpar eg kan bidra til å videreutvikle feltet saman med alle dei gode kreftene som jobbar der i dag, seier Tor Corneliussen. Han har tidligare mellom anna vore konstituert kommunaldirektør for Byutvikling, klima og miljø, samt hatt stillinga som administrasjonssjef i denne byrådsavdelinga.
- Eg har jobba rundt seks år i Byrådsavdeling for byutvikling tidligere, og veit at det er gode og kompetente fagmiljø i avdelinga. Så eg ser veldig fram til å kome tilbake, om enn i ei litt anna rolle enn tidlegare, seier han.
Tek til snarleg
Stillinga har i vinter vore lyst ut utan at ein klarte å finne kandidaten ein lette etter gjennom den søknadsprosessen. Tilsettinga av Corneliussen skjer gjennom at byrådet har nytta sin styringsrett, og ved at Corneliussen har blitt førespurd og takka ja til å bli omdisponert. Tillitsvalgte har vore involvert gjennom prosessen.
- Corneliussen har ei brei erfaring frå styring og politiske beslutningsprosessar i ein parlamentarisk styrt kommune. Han er både godt kvalifisert og personleg eigna til stillinga som kommunaldirektør for byutvikling, seier Monstad.
Corneliussen tiltrer 2. mai. Kommunaldirektør ved Byrådsleders avdeling, Trine Samuelsberg seier stillinga på Byrådsavdeling for finans vil bli lyst ut snarleg.