Helsefremmande barnehagar bilde
Illustrasjon: Netlife

Sammen for de minste

Innovajonsprosjektet "Sammen for de minste" skal utvikle ein digital opplæringsmodul for å auke felles kunnskap om barnesyn, barn sine rettar og barns psykiske helse i oppveksttenestene.

Prosjektet er ein del av tilskotsordninga i nasjonalt program for folkehelsearbeid i kommunane (2017-2027), der målet er å styrke kommunen sitt arbeid med å fremme helse, trivsel og livskvalitet. Prosjektet skal ha ein helsefremmande innretning  og bidra til å utvikle kunnskapsbaserte tiltak, samt nye arbeidsmåtar og verktøy  som skal fremme barn og unge sin trivsel,livskvalitet og psykiske helse. Det er eit hovudmål å integrere psykisk helse for barn og unge som likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet.

Mål

Prosjektet skal utvikle ein digital opplæringsmodul, som skal styrke samarbeid og kompetanseutveksling mellom dei som arbeider med barn i aldersgruppa 0-6 år i Bergen kommune. Intensjonen er kollektiv heving av kompetanse og kunnskap om barnesyn, barn sine rettar og psykiske helse. Opplæringsmodulen vert eit tilbod til alle tilsette som arbeider med barn 0 - 5 år i kommunal sektor.

Bakgrunn

Styrking av psykisk helse er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid. Gode lokalsamfunn er viktig for barn og unge sin psykiske helse og livskvalitet. Styrkar og ressursar vi utviklar i gode lokalsamfunn tar vi med oss vidare i livet, og barnehagen er eit slikt lokalsamfunn. Folkehelseplanen for Bergen kommune 2015- 2025, «Aktiv by- friske bergensere», er kommunen sin felles plattform for folkehelsearbeid. Planen rettar særleg merksemd mot barn og unge og arbeidet med utjamning av lokale helseskilnader. Dette prosjektet vil bidra til å realisere målsettingar i planen. Arbeidet må også sjåast i samanheng med andre lokale planar og strategiar som omfattar barn i Bergen.

Prosjektet har barn sitt beste som drivkraft, og opplæringsmodulen skal komme barna til gode. Eit styrka tverrfagleg samarbeid ei viktig målsetting, og dei samarbeidande tenestene i dette prosjektet er barnehagen, helsestasjonen og PPS. Tilsette i barnevernstenesta og barne- og familiehjelpen vil kunne ta i bruk opplæringsmodulen, og er også ein del i dei tverrfaglege utviklingsteama i Bergen kommune.

Psykisk helse og livsmeistring har ein stor rolle i barnehagen og vert i rammeplan for barnehagar (2017) fremheva som viktige prinsipp. Det vert slått fast at barnehagen skal ha ein helsefremmande og førebyggande funksjon kor ein skal fremje barn sin fysiske og psykiske helse. 

I tråd med Barnevernsreformen skal kommunen styrke arbeidet med tidleg innsats og forebygging. For å få dette til må det tverrsekstorielle samarbeidet rundt dei minste barna også styrkast.

Helsefremjande arbeid skal bidra til god helse, trivsel og mogelegheiter til å meistre dei utfordringar ein vert utsett for. Eit inkluderande miljø av god kvalitet kan ha ein viktig rolle i å utjamne sosiale skilnadar i barns psykiske helse og utvikling. Barnas oppleving og erfaring med omsorg, danning, leik og læring er også avgjerande for utdanning og yrkesdeltaking seinare i livet

Samarbeidspartar

Bergen kommune samarbeider med BARNkunne, Senter for barnehageforskning ved Høgskulen på Vestlandet og Folkehelseinstituttet i dette prosjektet. 

Metodisk tilnærming og framdrift i oppbygging av tiltaket

Sammen for de minste skal bidra til eit tettare samarbeid mellom grunntenestene som har behov for eit felles kunnskapsgrunnlag rundt tema om barnesyn, barns rettar og korleis vi styrker barn si psykiske helse. Sjølv om dette rettar seg mot dei ansatte skal resultatet styrke barns psykiske helse - difor skal barn sine behov stå i sentrum under utvikling av opplæringsmodulen.

Prosjektet gjennomførte våren 2022  tre fokusgruppeintervju med 27 ansatte frå  barnehage, helsestasjon og PPS. Det vart også gjennomført to fokusgruppeintervju med totalt 13 foreldre frå to ulike barnehagar i kommunen.  Kunnskap frå intervju vert analysert og skal vere utgangspunktet for ein spørreundersøking som skal ut til tilsette i grunntenestene i oppvekstsektoren hausten 2023. 

Resultat

Resultat frå spørreundersøkinga vil gje grunnlaget for innhald i opplæringsmodulen. Opplæringsmodulen skal piloterast hausten 2024 før den vert gjort tilgjengeleg og skal inngå i startpakke til alle nyansette i oppveksttenestene som arbeider med dei minste barna.

Eit forventa resultat er å vidareutvikle og styrke gode samarbeidsforum og arenaer for utviklingsarbeid internt i kommunen, men også til andre kommunar, fylkeskommunen, FoU-miljø, og frivillig sektor. Det er ein forutsetning at vi skal dele erfaringar og bidra til kunnskapsbygging i andre programkommunar og kommunar i fylket - og ut mot andre relevante samarbeidspartar.

Kontaktinformasjon