Har du ein pasient med sterk angst i tannbehandlingssituasjonen kan pasienten ha rettar i TOO.
Vi gir angstbehandling og deretter tannbehandling slik at pasienten får restaurert eventuelle tannskadar som har oppstått som følge av sin tannbehandlingsangst.
Tilrettelagt tannhelsetilbud – TOO - Helsedirektoratet
Psykolog i teamet gjer ei kartlegging og vurdering om pasienten har rett på tilbodet og kan nyttiggjere seg av behandlinga.
Angstbehandling vert gjennomført i eit tverrfagleg team med tannbehandlar og psykolog. Saman med pasienten jobbar teamet systematisk med det som er vanskeleg for pasienten. Teamet nyttar hovudsakleg kognitiv åtferdsterapi i dette arbeidet. I samråd med psykolog vert andre terapiformer nytta, viss det er aktuelt.
Målet for behandlinga er at pasienten skal finne ein god måte å meistre tannbehandling, slik at pasienten kan oppretthalde ei god tannhelse.
Når angstbehandlinga er gjennomført, og pasienten meistrar tannbehandling i tilstrekkeleg grad, vert pasienten tilvist vidare til allmennpraktiserande tannlege der pasienten får naudsyn tannhelsehjelp jf. Helsedirektoratet sin rettleiar God klinisk praksis i tannhelsetjenesten
Behandlinga (både angstbehandlinga og tannbehandlinga) i TOO-teamet er kostnadsfri.
Kostnadsfri tannbehandling gjeld berre for ein gongs rehabilitering av tannsettet. Dersom pasienten får ny tannsjukdom eller nye behandlingsbehov etter påbegynt tannbehandling, så vil ikkje dette bli dekka. Dette gjeld også om pasienten har fått tannbehandling i narkose. Behandlinga vert dekt av midlar frå Helsedirektoratet.
Gå gjerne inn på tooinfo.no og finn meir informasjon.
Tannhelsetenesta i Vestland har TOO-team geografisk spreidd i fylket. Der er team på Stord, i Florø og Sogndal samt ved Tk Vestland i Bergen.