Folkehelseinstituttet har levert tre forskingsomtalar om velferdsteknologi for personar med utviklingshemming. Alle tre omtalane viser at bruk av mobil teknologi kan hjelpe dei med å klare seg i kvardagen.
Fagrådgjevarnettverket i Etat for tjenester for utviklingshemmede i Bergen kommune fann ut dei hadde behov for oppsummert forskning om effekter av teknologi som kan støtte velferdsteknologiske løysingar for personar med utviklingshemming. Eit systematiske søk fann 1262 systematiske oversikter og kunnskapsoppsummeringar som Folkehelseinstituttet gjekk gjennom. Dette søket endte opp i omtalar av tre rapportar som svarte på behovet.
Meir sjølvstendig med teknologi
Sjølv om alle dei tre systematiske oversiktene har eit ulikt nedslagsfelt, støttar alle velferdsteknologi som hverdagsstøtte for personar med utviklingshemming.
- Mobil teknologi for personer med utviklingshemming (pdf)
Kan vere effektivt for lese-og tallferdigheter, overgangen mellom aktiviteter, aktiviteter i det daglege livet (ADL), yrkesferdigheiter, engasjement i oppgåver, kommunikasjon og å redusere utfordrande adferd. Viser til svært stor effekt på alle utfall samtal, særleg lese- og tallferdigheiter. - Støttende teknologi på arbeidsplassen for personer med utviklingshemming (pdf)
Teknologisk assistanse kan støtte personer med utviklingshemming på arbeidsplassen til å fullføre oppgåver, reise sjølvstendig til ein potensiell arbeidsgivar, auke produktiviteten og disponere tida si. Omtalen viser svært stor effekt for alle ferdigheitene samla. - Teknologisk støtte for å handle dagligvarer for elever og studenter med utviklingshemming (pdf)
Teknologisk støtte kan vere til hjelp når det kjem til lese på reolar/varer, finne fram i butikken og velge vare, lese pris og rekne på kostnad og betale for varer. Omtalen viser stor effekt på personar i alderen 16-24 år og svært stor effekt for dei med diagnosen utviklingshemming.
Alle omtalane er basert på oppsummering av studier med innendeltakerdesign (eksperimentelle single-case studier). Teknologi som vart brukt i studiene var pc, nettbrett, visuell støtte, lydopptakar, smarttelefon og mp3-spelarar.
Kan vi stole på resultata?
Vi seier vi kan stole på resultata dersom “alle” relevante studier er funne gjennom systematiske søk, at studiane er gjennomførte på god nok måte, at dei er like nok og at deltakarar og tiltak tilsvarar verksemda resultata skal brukast i og at den forventa effekten varierer.
- Her kan vi stole på resultata. Dette er omtalar av oppsummert forsking der dei same utfalla går att. Det er meir påliteleg enn enkeltstudiar, seier forskar Eva Denison i FHI som har om har utført desse forskingsomtalane saman med kollega Lillebeth Larun på FHI.
- Det viktigaste ein må tenke på når vi seier at ein kan stole på resultata er å tru effekten av tiltaket vil bli om lag det same som vist i studiane om vi hadde implementert tiltaket i eigen verksemd. Her har vi funne “alle” relevante studiar. Dei er også utført systematisk og bra måte, er like nok, deltakarar og tiltaka tilsvarar verksemda resultata skal brukast i. I tillegg varierer den forventa effekten lite, seier forskar Eva Denison.
Sjølv om forskningsomtalane viser stor effekt og svært stor effekt for visse utfall, finst det også nokre usikkerhetsmoment. Dei som skal nytte seg av forskningsomtalane må spørre seg sjølv om detakarane og tiltaka tilsvarar den verksemda resultata skal brukast i. Noko av det ein ikkje fann svar på i søket var direkte måling av livskvalitet, kvaliteten på tjenesten og kostnadsbesparingar. Dette er kunnskapsbehov det kan forskast meir på.
Kva gjer Bergen kommune med desse forskningsomtalene?
Bergen kommune har vore deltakar i prosessen med å finne desse forskningsomtalene, og vil få omtalene presentert i både fagrådgjevarnettverket og andre nettverk i kommunen. Fagrådgjevarnettverket får også tilbod om å gå vidare i prosessen med FHI og metoden “Fra kunnskap til beslutning” – ein metode som hjelper ein til å sortere kunnskapen frå forsking, erfaring og om brukarane slik at ein kan ta beslutning om å prøve ut tiltak, til dømes i eit prosjekt eller la være.
- Vi er veldig glade for å få forskingsresultat på noko vi har antatt stemmer, seier Siv Bjønnum som var ei av forslagsstillarane på vegne av fagrådgjevarnettverket i Bergen kommune og held fram:
- Når FHI har lagt så mykje arbeid på å finne fram forskning, må vi legge resultata fram til dei som jobber med det. Teknologien er nok ikkje den største investeringa her, men omstillinga og opplæring av personale, brukarar og pårørande. Klarer vi å få til eit opplegg som kan hjelpe fleire brukarar til å bli meir sjølvstendige, har vi oppnådd ein stor verdi for personar med utviklingshemming, og dermed meir livskvalitet.
Kva kan andre kommunar gjere med desse forskningsomtalane?
- Den viktigaste prosessen du gjer er om du kan overføre denne kunnskapen inn i kommunens kontekst og sjå om, og eventuelt korleis, ein kan få til bruk av mobil teknologi for å hjelpe personar med utviklingshemming i kvardagen.
- Du kan lese gjennom forskingsomtalane og bruke dei som støtte i vurderingar av bruk av velferdsteknologi for personar med utviklingshemming i kommunetenestene.
- Ein kan også videreformidle informasjon til brukarar og pårørande om at dei kan ta i bruk teknologien utan involvering frå kommunen.
Send inn kunnskapsbehov
Har du behov for forskningsresultater på ditt tjenesteområde? Nå kan alle som jobber med helse- og omsorgstjenester i kommunene i Vestland og Rogaland komme med forslag til problemstillinger som er aktuelle i tjenestene.
- Les mer om Kunnskapsoppsummeringer
- Still forslag her!