I haust har eldrerådet mellom anna gitt innspel til nye «Gåstrategi for Bergen 2020-2030» som byrådet nå har levert frå seg.
- Dei eldre er ei stor og samansett gruppe, der nokon tek seg lett fram, medan andre har større utfordringar. Det er viktig å leggja til rette for heile gruppa eldre, det gjeld båe i planar og generelt i Bergen kommune, seier tidlegare høgskuledirektør og leiar i Eldrerådet, Nils Mæhle.
Han fortel at dei ulike behova blant dei eldre er ein viktig premiss som dei har spelt inn til strategien.
Tidlegare HMS-sjef i Hordaland fylkeskommune og nestleiar Ruth Brudvik
seier seg einig. Ho har tru på at det å opne opp gangstiar vil binde sentrum betre saman.
- Vi har allereie «barnetråkk», og eg meiner vi også burde ha «eldretråkk», seier ho.
Eldrekanal til bypolitikken
Eldrerådet er eit kommunalt råd oppnemnt av bystyret med to hovudoppgåver: Å gje råd til andre kommunale organ om saker som gjeld eldre, samt å ta initiativ til ei sak og fremja ho for politikarane.
- Difor er det viktig at me har god dialog med eldre folk i Bergen, seier Mæhle, og oppfordrar innbyggjarar om å ta kontakt om dei har innspel om ein konkret sak eller eit tema som angår dei eldre:
- Det kan vere lettare å snakke med oss enn å sende eit brev til byrådet. Vi kan få noko til, for vi har vårt perspektiv og mykje kompetanse spreidd på medlemmene som bør brukast aktivt. Dei som blir oppnemnde, har gjerne lang erfaring frå arbeidsliv eller frivillig arbeid og kompetanse
som kan brukast vidare. Eldrerådet er ein ressurs, og den må brukast, seier Brudvik.
Dei understrekar at du ikkje må la dørstokkmila hindre deg:
- Om du ikkje tek kontakt, veit vi heller ikkje om utfordringa di, og det hjelper ingen. Kanskje kan fleire innspel om same emnet og din e-post
vere det som set hjula i sving.
Eldre under koronasituasjonen
Eldrerådet veit at fleire seniorar har sett seg leie på evige omkampar som er ein del av det politiske spelet. Rådet vil rette merksemda på kva eldre folk i Bergen meiner om dei politiske sakene som gjeld dei, og ikkje kva dei andre
partia meiner. Einsemd er og noko dei er opptekne av og prøver å hindra. Det har vore meir aktuelt under pandemien enn nokon gong.
- Eldre som er isolerte månad etter månad, har ei mykje større påkjenning enn me som er nokolunde aktive, kan førestille oss. Vi arbeider for fleire møteplassar i bydelane, møtearenaer og kulturtilbod, seier Mæhle og held fram:
- Å leggja til rette for sjukeheimsbesøk har me vore spesielt opptekne av. Og no har kommunen laga eit opplegg for evaluering av koronasituasjonen, som vi ønskjer å vera ein del av, ettersom det er dei eldre som har blitt ramma hardast, seier han.
Tre råd for medvirking
Bystyret har oppretta tre råd som skal jobbe for å ivareta målgruppa sine interesser i politiske saker: