Fase: Gjennomføringsfase
- BYGGEPLASSKAMERA: Sjå entreprenøren sitt webkamera på byggeplassen
Prosjektskildring
Alvøen idrettshall vil få handballbane, tre sett med garderobar, eige rom for styrketrening, foajé, tribunar og bordtennishall. I tillegg til sjølve hallen skal òg uteareal oppgraderast. Ei 7’ar-bane skal rehabiliterast og hevast til same nivå som 11’ar-bana. Basketballbana skal òg oppgraderast.
Den nye hallen skal plasserast ved ei kolle. Delar av kolla må sprengast bort. Prosjektet har freista å utvikle ein idrettshall med eit nedskalert volum som passar til terrenget. Areala legg i stor grad til rette for fleirbruk og ulike typar arrangement. Det totale bruttoarealet er på 4.000 kvadratmeter. Hallen skal reisast tett på den eksisterande idrettsparken i Alvøen.
LAST NED:
Mens byggearbeida pågår, skal store delar av parken vere i bruk for idretten.
Prosjektet har funne løysingar for å bruke om att alle massane på tomta. Det gjer at omgjevnaden blir spart for 16.500 lastebilturar. Hallen skal primært byggast i massivtre og limtredragarar. Grunnfundamenta vil bestå av lavkarbonbetong. Idrettshallen er òg prosjektert med solcelleanlegg på taket. Saman med andre energiløysingar kjem hallen til å bli eit nær nullenergibygg.
Prosjektet er utvikla etter ein konkurranse der deltakarane leverte inn sine løysingsforslag for idrettshallen. HENT AS blei vinnar i konkurranse med to andre tilbydarar. Tomta har vore krevjande for prosjektet og gjer at hallen må tilpassast omgivnaden. Den valde løysinga reduserer uttaket av massar til om lag 7.500 m3. Bygget blir terrassert inn i terreng for å få dette til.
Fakta
- Adresse: Alvøveien 166
- Bruttoareal: 4.050m² (Idrettshall 3.950 m²)
- Kapasitet: Stor idrettshall med fleirbrukshall og bordtennishall for 800 samtidige brukarar.
- Investeringsramme: 243,7 millioner kroner
- Entrepriseform: Samspel til totalentreprise (overgang til totalentreprise.)
Totalentreprenør: HENT AS - Arkitekt: Longva arkitekter AS
- Landskapsarkitekt: Grindaker AS
- Rådgivende ingeniør: Cowi AS
- Byggestart nybygg: 3./4. kvartal 2023
Prosjektleiar i Etat for utbygging: Bjørnar Vindenes