Open prekvalifisering: Utlysing av kunstprosjekt til heider for Torborg Nedreaas

Bergen kommune inviterer profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for kunstprosjekt for å heidre Torborg Nedreaas. Søknadsfrist er 15. april.

Torborg Nedreeas
SKAL HEIDRAST: Torborg Nedreeas.
Bilde: Aschehough

I 2019 vedtok Bergen bystyre at det, gjennom ein periode på 10 år, annakvart år skal reisast ein statue/byste/skulptur eller anna kulturuttrykk tileigna ei namngjeven kvinne med synleg plassering i byrommet.

Formålet med vedtaket, omtala som “Kvinner på sokkel”, er å bøte på manglande representasjon av minnesmerke tileigna namngjevne kvinner i det offentlege rom.

Om kunstoppdraget


Kunstutvalet ynskjer eit permanent skulpturelt uttrykk som reflekterer Torborg Nedreaas person og virke som forfattar.

Den valte staden for prosjektet er i Nygårdsparken på Møhlenpris i Bergen sentrum. Nygårdsparken opna i 1885 og er utforma i engelsk landskapsstil. Den vart opparbeidd i ein periode med auka merksemd kring viktigheita av gode rekreasjonsområde i byane. Nygårdsparken er eit gjennomført og vakkert anlegg med svært høg kulturmiljøverdi og har nasjonal interesse som bypark.

Område som er peika ut er trekantarealet sørvest i Nygårdsparken, sentralt på grasarealet langs gangveg. Grunna naturen på staden, er det avgrensingar i høve det endelege verket sine dimensjonar, fundamentering og nærleik til tre og røter.

Innsending og søknadsfrist

Vi ber om at interesserte kunstnarar sender ei – 1 – pdf-fil med kort grunngjeving for interesse på maks 1 A4 side, biletdokumentasjon av tidlegare arbeid og relevante prosjekt, i tillegg til CV. Video eller andre medium som ikkje kan formidlast via vanleg pdf kan inkluderast som nettlenker i pdf-en. Materialet skal vere på maksimum 15 A4 sider, alt inkludert.  

Material skal sendast til e-post til kunstkonsulent Sara Kollstrøm Heilevang, sara.k.heilevang@gmail.com. Same adresse nyttast for spørsmål vedrørande prosjektet.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 15. april 2024.