Tre personar på ein byggeplass. Bak dei står ei gravemaskin.
UTAN UTSLEPP: Saman med BKK skal kommunen no utvikle to pilotar for byggeplassar frie for utslepp. Frå venstre direktør Willy-André Gjesdal i Etat for utbygging, byråd Erlend Horn og prosjektleiar for innovasjon i BKK, Camilla Moster.
Bilde: JARLE HODNE, BKK

Skal utvikle utsleppsfrie byggeplassar

Anleggsmaskiner står for 13 prosent av klimagassutsleppa i Bergen. Etat for utbygging og BKK samarbeider om å utvikle dei to første utsleppsfrie kommunale byggeplassane.

Erfaringane frå pilotprosjekta i samarbeidsavtalen mellom kommunen og BKK skal brukast til å gjere alle byggeplassane frie for utslepp av klimagassar.

Målet er utsleppsfridom

- Byrådet vil at alle byggeplassane våre skal vere utsleppsfrie innan 2025, og ikkje berre fossilfrie. Dersom vi maktar å få ned utsleppa i bygg og anlegg, vil det ha mykje å seie for målet om å få ned dei samla klimagassutsleppa, seier byråd for finans, næring og eigedom, Erlend Horn.

Etat for utbygging er mellom dei største byggherrane på Vestlandet. Etaten har inngått ein forskings- og utviklingsavtale med BKK for å gjennomføra to pilotprosjekt der byggeplassane skal vera utsleppsfrie. Ein vesentleg faktor for å få ned utsleppa er å gjere byggeplassane elektriske. Prosjektleiar for innovasjon i BKK, Camilla Moster, seier at byggebransjen er eit viktig satsingsområde for energiselskapet.

Skal finne gode energiløysingar

Illustrasjon av en utsleppsfri byggeplass
Illustrasjonen syner korleis ein byggeplass, der maskinane har elektrisitet som "drivstoff" kan sjå ut.
Bilde: BKK

- BKK skal hjelpe til med kompetanse for å legge til rette for ei god energiløysing på byggeplassane med mellom anna ladeløysingar, batteri og termisk energi. Det skal sikre at straumnettet vert utnytta betre og vil redusere behovet for å byggje nye straumleidningar når ein aukande del av anleggsmaskinane skal gå på straum, seier Camilla Moster.

BKK er den største produsenten av fornybar energi på Vestlandet. Selskapet leiar eit Pilot-E-prosjekt, der ni partnarar jobbar saman for utsleppsfrie byggeplassar. Moster meiner det er viktig at dei store utbyggarane set krav til nullutslepp.

- Det er veldig positivt at Bergen kommune viser veg med desse to pilotane. Det aukar sjansen for at aktørane i byggebransjen tør å satse på utsleppsfri teknologi, og det vil bidra til både lågare kostnadar og betre løysingar, seier Moster.

Føremålet med samarbeidet er å skaffe ny kunnskap og utvikle løysingar for å nå målet om utsleppsfrie byggeplassar. Både kommunen og BKK skal bidra økonomisk til å gjennomføre avtalen. Erfaring, kunnskap og resultat skal delast på vegen. Bergen kommune kjem til å nytte resultatet i nye prosjekt. Kommunen vil dele erfaringane med andre offentlege byggherrar, både i og utanfor kommunen.

Elektrifisering nøkkelen

-  Elektrifisering er avgjerande nøkkel. Då blir det viktig å sikre tilstrekkeleg energi og effekt til byggeplassane. Difor er det naturleg for oss å kunne samarbeide med BKK om dette. Vi har vald ut to pilotar, det eine er eit lite prosjekt og det andre er ein ny, stor sjukeheim, fortel direktør i Etat for utbygging, Willy-André Gjesdal.

Han seier at pilotprosjekta skal brukast til å utvikle ein god og trygg plan for å gjere alle byggeplassane til kommunen frie for utslepp. Det er viktig at det kjem på plass ein venta og rettferdig anbodsprosess for utsleppsfrie byggeplassar.

Mindre støy

For dei som bur i nærleiken av ein kommunal byggeplass, vil også dei utsleppsfrie byggeplassane utgjere ein velkomen skilnad.

- Vi bygger ofte i område som er liggar tett opp til der folk bur eller arbeider. Motorstøy er den viktigaste støykjelda. Støy frå motorar blir reduserte ved overgang til elektrisitet, seier direktør i Etat for utbygging, Willy-André Gjesdal.

Dei to pilotane

Dette er dei to pilotprosjekta som er omfatta av samarbeidsavtalen mellom Etat for utbygging og BKK:

  • GARDEROBEANLEGG: Bygge eit nytt garderobeanlegg. To aktuelle lokalitetar (Varden eller Arna Stadion) blir vurderte ut frå mellom anna omsynet til straumforsyning.
  • MIDTBYGDA SJUKEHEIM: Den noverande bygningsmassen til Midtbygda sjukeheim skal rivast og det skal førast opp ein heilt ny sjukeheim på staden. Sjukeheimen skal få nytt og felles parkeringsanlegg med ny Åsane sjukeheim på nabotomta. Uteområda skal òg rustast opp. Prosjektet vert truleg sett i gang i 2023. Det omfattar riving av 10.000 kvadratmeter bygningsmasse og oppføring av 13.000 kvadratmeter nybygg.