Slik kan Allégaten sjå ut etter at arbeidene er ferdige.
Slik kan Allégaten sjå ut etter at arbeidene er ferdige.
Bilde: Multiconsult

Nytt byliv i gatene på Nygårdshøyden

Meir og betre byliv for små og store bergensarar er stikkordet når Bymiljøetaten og Graveklubben (Graveklubben - Nygårdsområdet) skal inn i gatene i søndre del av Nygårdshøyden. I samband med bygginga av bossnett i området har Bymiljøetaten ein ambisjon om å rusta opp fleire gater i tråd med gatebruksplanen som Plan- og bygningsetaten har utarbeida for området (Bergen kommune - Gatebruksplan for Nygårdshøyden sør).  

I Graveklubb-prosjektet skal BIR halda fram med utbygginga av bossnett i området, Bergen vann fornya leidningsnettet for vatn og avløp under bakken, i tillegg til at kabeletatar som BKK, Eviny og Bergen fiber skal oppgradera sine installasjonar.   

Bymiljøetaten sin del av prosjektet omfattar følgande tiltak i gatene: 

Allégaten i i dag.
Allégaten i i dag.
Bilde: Bergen kommune
  • Gateopprusting og nytt lysanlegg 
  • Sikra betre framkomst for gåande, rullande og syklande 
  • Tilrettelegga for meir byliv i gatene 

 

Inndelt i tre entreprisar

Prosjektområdet inndelt i tre ulike entreprisar. Kart over området.
Prosjektområdet inndelt i tre ulike entreprisar. Området for entreprise 1 i grønt, entreprise 2 i blått, entreprise 3 i gult.
Bilde: Bergen kommune

Prosjektet på Nygårdshøyden er delt inn i tre entreprisar. Den første entreprisen (grønt område i kartet) omfattar deler av følgande gater, merka med grøn skravur i kartet: 

  • Herman Foss gate 
  • Allegaten
  • Hans Holmboes gate 
  • Fredrik Meltzers gate
  • Strømgaten

Parallelt med høyringa av gatebruksplanen for Nygårdshøyden sør blir tiltaka som Graveklubben har ambisjonar om å gjennomføra nabovarsla og byggesøkt. Planlagt oppstart bygging er i løpet av 2024. Estimert byggetid for entreprise 1 er 2 år. 

Entreprise 1 med gatetun og sykkelveg.
Entreprise 1 med gatetun og sykkelveg.
Bilde: Multiconsult

Gatetun, gang- og sykkelby og overvatn «på bergensk» 

I entreprise 1 vil Bymiljøetaten legga om gatene slik at gåande, rullande og det gode bylivet får meir plass. I dag har dei fleste gatene i området smale fortau, og det kan vera vanskeleg å ta seg fram for personar som er dårlege til beins eller sit i rullestol. Breiare fortau og gode kryssingspunkt, samt omlegging av gater til gatetun, er viktige grep for å gjera gatene tilgjengelege for flest mogleg i åra som kjem. Gatene skal også tilretteleggast betre for syklande, mellom anna med sykkelfelt i Strømgaten og utplassering av fleire sykkelstativ.  

I nordre del av Allégaten og Hans Holmboes gate blir det eit nytt nettverk av gatetun. Der det ein gong gjekk ein allé i Allégaten, blir det no planta ei rekke med nye tre, i tillegg blir det tilrettelagt med plantefelt og bymøblar. Gatetuna er planlagt med rullevenleg brostein og trygge gangsoner i skifer inn mot det historiske vegglivet. Det eksisterande gatetunet i Fredrik Meltzers gate rustast opp og får eit nytt regnbed mot Strømgaten. I Strømgaten blir det møbleringsfelt der skulpturelle element bremsar overvatnet på veg nedover den bratte gata. Desse installasjonane dannar også sitteplassar på veg opp den bratte gata. Her handterer me regnet og overvatnet «på bergensk»! Det blir sykkelfelt på kvar side av vegen i Strømgaten.  

Bassenga bremsar tak- og vegvatnet på veg nedover den bratte gata. I tillegg går det an å setje seg ned for ein pust i bakken på enkelte element.
Bassenga bremsar tak- og vegvatnet på veg nedover den bratte gata. I tillegg går det an å setje seg ned for ein pust i bakken på enkelte element.
Bilde: Multiconsult

Nye mobilpunkt og redusert areal til parkering

I dag er det omtrent 400 gateparkeringsplassar i sone 2 Nygårdshøyden. I august 2022 var det 268 inngåtte boligsoneavtalar i denne sona, noko som gir over 130 parkeringsplassar i overskot. I gatebruksplanen er det lagt opp til ein kraftig reduksjon i talet på gateparkeringsplassar. I dette prosjektet vil delar av denne reduksjonen bli gjennomført. I entreprise 1 vil ein redusera kapasiteten i gatene med 71 parkeringsplassar, slik at det gjenstår om lag 330 gateparkeringsplassar. Det vil altså fortsatt vera ei overdekning på omtrent 50 gateparkeringsplassar i området etter utbygginga i entreprise 1. Ved vidare utbygging (entreprise 2 og 3) vil kapasiteten reduserast ytterlegare, og ein kan etter kvart forventa ei underdekning av plassar. 

For å tilrettelegga for at fleire kan klara seg utan eigen bil blir det reservert fleire parkeringsplassar for bildelingstenestar i området, på såkalla mobilpunkt. Fleire av desse plassane vil tilretteleggast med lading for elbilar. I entreprise 1 blir det oppretta eit mobilpunkt i Herman Foss’ gate med fire bildelingsplassar med lading. Desse fire bildelingsplassane kan i følgje Transportøkonomisk institutt (TØI) erstatta totalt førti privateigde bilar i nabolaget, og med det bidra til at naboar lettare kan omstilla seg til ei lågare parkeringsdekning i gatene.