Kvar enkelt skule har vedtatt ei målform for den skriftlege opplæringa. Når minst ti elever på eitt av trinna 1 til 10 i kommunen ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skulen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. 

Dei fleste skulane i Bergen kommune har bokmål som hovudmål.
Følgjande skular i Bergen kommune har nynorsk som hovudmål:
Garnes skule, Garnes ungdomsskule, Lone skule, Salhus skule, Ytre Arna skule og  Ådnamarka skule.

Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. 

Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Nytt for skuleåret 24/25: Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Foreldre på 7. trinn skal få melding om dette i Vigilo før skulestart i 2024.
 

Barnetrinn: Foreldra til elevar på 1.-7. trinn vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. I det skriftlege arbeidet skal elevane bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldre skal ta opp krav om målform i læremidla med rektor.

Ungdomstrinn: Elevar på 8.-10. trinn vel sjølv om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8.-10. trinn eller foreldre skal ta opp krav om målform i læremidla med rektor.

Barnetrinn: Foreldre til elevar på 1.-7. trinn som ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skulen, sender melding til rektor ved skulen eleven tilhøyrer. Krav om målform i læremiddel skal foreldre også ta opp med rektor.  

Ungdomstrinn: Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Foreldre på 7. trinn skal få melding om dette i Vigilo før skulestart i 2024. Dersom eleven ønskjer ei anna målform enn den vedtekne målform, svarer foreldre  på melding sendt i Vigilo. 

Klagemoglegheit


Du kan klage innan ei frist på tre veker frå du mottok eit vedtak. Klagen sender du til skulen som har fatta vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra og grunngi dette. Kommunen kan rettleie deg.  Dersom skulen opprettheld si avgjersle, blir saka sendt til kommunen. Dersom kommunen kjem til same konklusjon, blir saka sendt til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endeleg vedtak fatta.

Lover

Retningslinjer


Utdanningsdirektoratet: Målform i grunnskolen

 

Bergen kommune har som mål at informasjonssikkerheit og personvern skal vere ei naturleg del av vår virksomheit.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Les meir om Personvernerklæring for elever

Kontakt aktuell skole via kontaktskjema - Skoler i Bergen