Garnes skule, oppeplassen
Garnes skule, oppeplassen

Velkomen til Garnes skule - skuleåret 2024-2025

SFO opna torsdag 1.august. Første skuledag er torsdag 15.august. Onsdag 14. august er det planleggingsdag, SFO og skulen er stengt.

Velkomen til SFO frå 1.august, både til nye barn og til dei vi kjenner godt frå før! Vi gler oss til fine dagar med leik og aktivitetar ute og inne fram til skulestart. SFO er open kvar dag kl. 8.30-16.30 alle dagar før skulen startar, med unntak av onsdag 14.august då det er planleggingsdag for alle tilsette. For born som ikkje har full plass på SFO, gjeld litt kortare opningstid. Sjå e-post frå SFO om innhold og organisering av SFO-dagane i august.

Torsdag 15.august heiser vi flagget på den nye flaggstonga vår, og feirar første skuledag på Garnes skule! Vi gler oss stort til å sjå alle igjen, og til å ta mot nye elevar både på 1.trinn og elles. 

Det blir ein litt kortare dag enn vanleg denne første dagen, 15.august:

2.-4. trinn startar 08.15 og er ferdig 11.00.

1. trinn startar 11.30 og er ferdig 13.00. 

5. trinn startar 11.00 og er ferdig 13.45.

6.-7. trinn startar 11.30 og er ferdig 13.45. 

SFO er open når det ikkje er skuletilbod 15. august for dei som har plass på SFO

Frå fredag 16.august gjeld vanlege undervisningstider. Timeplan og anna info blir delt ut og publisert første skuledag.

I sommar har dei bygga nytt ventilasjonsanlegg på bygg 1. Arbeidet inne i bygget, skal vere klart til skulestart, sånn at elevane får starte på romma sine. 

Velkomen til skulestart på Garnes skule! Ta kontakt om det er noko du /de lurer på.