Skuleskyssbillett på mobil
Kva må du som elev på ungdomsskolen gjere for å bruke skuleskyssbillett på mobil?
- Meld frå til skulen om at du ønskjer skuleskyssbillett på mobil og oppgje telefonnummeret ditt.
- Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
- Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir til skulen.
- Når skulen har registrert at du ønsker skuleskyssbillett på mobil og søknad om skuleskyss er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skuledagar.
- Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Publisert: 07.08.2024
|
Oppdatert: 07.08.2024