Vi ynskjer velkommen til nytt skuleår på Lone.
Det er særs spennande for dei nye fyrsteklassingane som startar på torsdag, sjølv om mange har prøvd ut SFO dei fyrste vekene i august.
Vi oppmodar føresette til å fylgje borna sine til skulen kl.1130 og henta dei kl.1315.
Det vert oppmøte på skuleplassen dersom veret tillet det. Vi har eit alternativ i Lonehallen dersom regnver.
Vi startar med presentasjon av lærare, assistentar og andre tilsette før vi les opp alle namna til elevane på 1.trinnet.
På slutten av denne fyrste skuledagen ber vi føresette om å møta opp utanfor klasserommet litt før kl.1315.
Vi håper denne dagen vert ein fin og minnerik dag både for elevar, føresette og oss som arbeider her på Lone skule.