Om stykket hentet fra Den kulturelle skolesekken: “Ebenezer Scrooge hatar jul! Han er gammal, egoistisk og ondsinna. Når jula nærmar seg, blir han heimsøkt av tre juleåndar, som skremmer vitet av han ved å gi han syner om sin eigen einsame død. Då han vaknar opp av marerittet julemorgonen er han full av glede og forventning, kjøper den største kalkunen han finn og feirar han endeleg jul saman med familien.”
Store og små storkoste seg under denne førestillinga. Alle elever og tilsette fikk i løpet av to førestillingar oppleve Charles Dickens Eit julekvad. Etter å ha pratet med elevene etter førestillinga sa dei følgande: Eg kjente igjen historia, kjempe gøy, veldig bra , det beste eg har sett, litt gøy. Ingen sa noe negativt!
Om det blir mulig ønsker vi Dukketeaterverkstedet tilbake om eit år, tenk om dette kunne blitt ein juletradisjon på Salhus skule.