logo

Venskap og tryggleik

På Ytre Arna er arbeidet med at alle skal oppleve det trygt på skulen, og at dei har gode vener, viktig! For å lære, må vi ha det godt saman! Vi feira vennskapsdag 1.oktober.

Trygg oppstart er tiltak der vi brukar ekstra tid til å leike saman. I heile august og september er dette i fokus, samt etter kvar ferie og fri-periode.

Før haustferien kvart år har vi ein venskapsdag, der vi har kjekke aktivitetar felles for alle. I år hadde vi denne dagen både skulesamling ute og 7 kjekke stasjonar med leik og aktivitet. 

Som førre år, kom Ytre Arna Sanitetsforening og laga til gode frukt-begre til alle elevar, tusen takk!