Bergen bystyre vedtok fagopplæringsplanen i møtet 31. mai 2023.
Innhaldet i planen
Bergen kommune er godkjent som lærebedrift i over 16 fag. Hausten 2022 blei det tilsett 166 nye lærlingar i kommunen. Same haust var totalt 332 lærlingar i kommune.
Konkurransen om arbeidskraft og kompetanse er aukande. Kommunen og næringslivet vil ha behov for nye medarbeidarar med fagutdanning. Planen skal sikre at kommunen har både faglært arbeidskraft og ei god rekruttering av lærlingar.
Temaplan for fagopplæring går gjennom kva som mogeleg og kva som er utfordringane på området. I tillegg til å lære opp nok fagarbeidarar til å dekke kommunens behov, ser planen òg på korleis fagopplæring kan brukast for å inkludere fleire i arbeidslivet.
Planen drøfter kva som skal samt hva som skal til for å kunne tilby egne medarbeidere uten formell kompetanse muligheten til å ta fagbrev
Måla i planen
Dette er dei overordna måla i planen:
- Bergen kommune skal utdanne faglært arbeidskraft for å sikre og rekruttering og kvalitet i dei kommunale tenestene i framtida.
- Bergen kommune skal gi tilbod om fagopplæring, slik at fleire skal kome inn i arbeidslivet.
Strategiar for å nå måla
Temaplanen har desse strategiane for å nå måla i planen:
- Auke talet på læreplassar, slik at det sikrar rekruttering.
- Sørge for at flest mogeleg lærlingar gjennomfører læretida og klarer fagprøva.
- Bruke fagopplæring for å auke kompetansen til eigne medarbeidarar utan formell utdanning innan relevante fag.
- Styrke og utvikle fagopplæring for å inkludere grupper som har behov for å få innpass i arbeidslivet.
Se planen
Plan for fagopplæring i Bergen kommune 2023-2030