Kristianborg barnehage blei etablert som permanent barnehage i 2021. Den har kapasitet på 80 barnehageplassar. Mindemyren er eit stort byutviklingsområde. Reguleringsplanen for barnehagen opnar for ei utviding med ytterlegare 80 plassar i eit andre byggesteg. Den same planen legg til grunn at det må kjøpast ein del av naboeigedomen for å få nok uteareal til barnehagen. Tilleggsarealet som må kjøpast er på 2.000 kvadratmeter.
Etter drøftingar med noverande eigar av Conrad Mohrs vei 15, BOB Eiendomsutvikling, har kommunen blitt samd om ein avtale. Selskapet overdrar inntil 2.000 kvadratmeter av eigedomen mot at kommunen betalar selskapet eit vederlag som speglar att arealet kunne har vore nytta til bustad og næring.
Kjøpesummen dei to partane er samde om utgjer 28,7 millionar kroner.
Byrådet rår til at avtalen om kjøp kan bli godkjent. Byrådet meiner dette vil auke talet på kommunale barnehageplassar og slik legge til rette for utviklinga av Mindemyren sør.
Saka skal endeleg behandlast av utval for finans, kultur og næring.