Tveiterås skole
Nye Tveiterås skole vart opna i 2023. No ligg rekninga for prosjektet føre.
Bilde: Hugo Lütcherath

Ny skule på Tveiterås billegare enn budsjettert

Den nye skulen på Tveiterås vart billegare enn budsjettert. Det viser sluttmeldinga som no skal til politisk godkjenning.

Prosjektet omfatta rivning av det gamle skulebygget frå 1973 og bygging av ein ny, moderne skule på same tomta.

Dronebildet av Tveiterås skole
Det nye skulebygget, slik fuglane ser det.
Bilde: Hugo Lütcherath

Då prosjektet skulle gjennomførast, hadde det ei investeringsramme på 262,6 millionar kroner. No er sluttrekninga klar, og ho syner at prosjektet kosta 252,5 millionar kroner. Det er ti millionar mindre enn budsjettet ved gjennomføringsvedtaket og 2,8 millionar kroner mindre enn justert budsjett.

Prosjektet vart gjennomført som fossilfri byggeplass. 93,5 prosent av alt avfallet vart sortert. Den nye skulen er eit nullutsleppsbygg og tilfredsstiller krav til passivhusstandard. Solceller og energibrønnar dekkjer energibehovet til oppvarming og tappevatn.

Tveiterås skole er den einaste spesialskulen i Bergen. Skulen har 40 elevar med store lærevanskar eller utviklingshemmingar. 60 tilsette jobbar op Tveiterås. Skulen har no moderne fasilitetar og godt tilrettelagte areal. Uteområdet er oppgradert med leikeområde, ballbane, sansehage og meir.

Byrådet rår til at sluttmeldinga blir godkjent av bystyret.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

LES OGSÅ: Sakene til byrådet 24. oktober er klare