Sel fem barnehagetomter til Kanvas

Byrådet vil selje fem bygsla barnehagetomter til Kanvas for 45 millionar kroner.

Kanvas er ei stifting som tidlegare heitte Barnehageforbundet. I 1987 inngjekk Bergen kommune ein avtale med dei om å stille fem tomter til disposisjon for bygging og drift av barnehagar. Avtalen om bygsel var uoppseieleg.

Dei fem barnehagane det gjeld er:

  • Bønestoppen barnehage
  • Våkleivbråtet barnehage 
  • Olsvikåsen barnehage
  • Kjennsdalslia barnehage
  • Haukedalsmyra barnehage

I 2018 tok Kanvas kontakt med kommunen fordi dei ønskte å overta eigedomane. Det dåverande byrådet la fram eit forslag om å gjennomføre salet for bystyret i 2020. Framlegget om å selje fekk den gongen ikkje fleirtal.

No har stiftinga på nytt vendt seg til kommunen. For stiftinga er det naudsynt å få ei avklaring av eigartilhøva for å kunne ta vare på og utvikle eigedomane. Den samla takstverdien for dei fem eigedomane er 49,8 millionar kroner. Etter drøftingar har kommunen og Kanvas blitt samde om ein samla kjøpesum på 45 millionar kroner.

Eigedomane vil òg etter salet berre kunne brukast til barnehageføremål. Kommunen vil ha forkjøpsrett til dei fem tomtane.

Byrådet avgjer saka i møte 5. desember

Les dokumenta i saka

Sakene til byrådet 5. desember er klare