Flaktveit barnehage er frå 1992. 53 barn går i barnehagen som har 16 tilsette. Bygget ber preg av slitasje og tekniske anlegg og andre konstruksjonar nærmar seg forventa levetid. Planløysinga er ikkje gunstig med trang korridor, små og lukka rom. Forholda for dagslys og fasilitetane for dei tilsette er ikkje tilfredsstillande. Areala tilfredsstiller ikkje arealnorma for innvendig leik og læringsareal.
Difor er det i prosjektet planlagt eit tilbygg som gi det arealet som er naudsynt for å halde på godkjenninga med det barnetalet som er i dag. Garderobane skal få skiten og rein sone. Toaletta skal utbetrast. Det skal kome eigen personalinngang. Nytt teknisk anlegg skal kome på plass. Og skal opnast for meir lys inn i bygget. I tillegg skal utearealet betrast og det skal gjerast tiltak for å betre trafikktryggleiken.
Arbeida skal etter planen ta til i desember 2024. I mellomtida vil drifta av barnehagen bli flytta til erstatningsbarnehage i Blådalen. Flaktveit barnehage skal etter planen starte opp att i august 2026.
Byrådet rår til å gjennomføre prosjektet slik det ligg føre. Prosjektet har ei investeringsramme på 59,4 millionar kroner.
Saka går vidare til utval og bystyre.
LES OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 8. august