Ulriken skole ligg like ved Landås skole og Landåshallen. Den tidlegare ungdomsskulen har vore nytta som erstatningsskule, men skal rustast opp til å kunne ta i mot fleire elevar. Skuleanlegget har tre bygg på til saman 3.200 kvadratmeter. Delar av bygningsmassen er i original forfatning, mens andre delar tidlegare har fått nokre innvendige oppgraderingar.
Gjenbruk av møblar og inventar
I prosjektet er det lagt vekt på å gjenbruke noverande bygningsmasse så langt det lèt seg gjere. Prosjektet skal syte for at undervisningsromma og arbeidsplassane stettar krav sett av styremaktene. Det skal vere godt med dagslys, god luftkvalitet, universell tilgjenge, grupperom og nok med plass til elevar og tilsette. Gjenbruk av møblar og inventar er lagt til grunn i prosjektet.
Oppgraderinga vil i hovudsak skje på innsida. Det skal lagast nye romløysingar. Dessutan er det påkrevd å oppgradere varmeanlegg, ventilasjonsanlegg og sanitære anlegg.
Parkeringsplassen skal bort
Parkeringsplassen som har vore på skuleplassen skal avviklast og vere ein del av leike- og opphaldsarealet. Kapasiteten skal aukast frå 320 til 450 elevar. Det vil kome ei ny busslomme i Landåssvingen for å ta imot elevane som skal bussast til erstatningsskulen.
Byrådet rår til at prosjektet blir gjennomført med ei investeringsramme på 152 millionar kroner. Det er sett av 64 millionar kroner til prosjektet i gjeldande handlings- og økonomiplan. Det er trong for å dekke inn 88 millionar kroner i rulleringa av handlings- og økonomiplanen.
Saka går vidare til utval og bystyre.
LES OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 8. august