Det er 11 år sidan bystyret vedtok at noverande Rolland skole skulle rivast og erstattast av eit heilt nytt skulebygg. No er prosjektet klar til å gjennomførast. Byrådet rår til at bystyret godkjenner prosjektet slik det ligg føre.
Fordelt på tre bygg
Rolland skole består no av eit hovudbygg og to grendaskular, Kollåsen og Storåsen. Alle dei tre skulebygga er i dårleg stand. Hovudbygget frå 1977 har setningsskadar og må dessutan sanere materiale som inneheld asbest. Skulen har 312 elevar. Av desse går 137 elevar på dei to grendeskulane.
Prosjektet, som no skal godkjennast, inneber at det eksisterande skulebygg vert rive og erstatta med eit nybygg. Når det nye bygget står ferdig skal elevane frå dei tre skulebygga samlast i eitt bygg. Dette bygge skal romme inntil 350 barn. Skulen vil òg ha ei forsterka avdeling med plass til ti elevar. Bygget skal oppførast med mellom 1-3 etasjar.
Opphald i Eidsvåg
Elevane på Rolland vil gå på erstatningsskule i Eidsvåg i byggeperioden. Byggestart er planlagt 2. halvår 2025. Den nye skule skal kunne takast i bruk januar 2029.
Byrådet rår til at prosjektet med ei investeringsramme på 497 millionar kroner vert gjennomført slik som skissert i saka. Byrådet meiner prosjektet er naudsynt og godt gjennomarbeidd. Det vil gi eit betre læringsmiljø å samle skuledrifta i eitt moderne og framtidsretta bygg.
Saka går vidare til utval og bystyre.