Byggeplasskamera som viser korleis Garnes ungdomsskule no er i ferd med å reise seg
REKKEFØLGEKRAV: Nybygget på Garnes ungdomsskule er i ferd med å reise seg. Ei rekke trafikktryggingstiltak må gjerast før skulen kan takast i bruk.
Bilde: Byggekamera.no

Skal trygge trafikken rundt Garnes ungdomsskule

For bygginga av Garnes ungdomsskule er det stilt krav om fleire rekkefølgekrav som skal trygge trafikktryggleiken i området. Byrådet rår til å gjennomføre tiltak med ei ramme på 88 millionar kroner.

Bygginga av nye Garnes ungdomsskule er i gang. I reguleringsplanen for det nye skulebygget er det vedtatt fleire rekkefølgekrav. Byrådet fremmer no sak om å gjennomføre desse rekkefølgekrava i reguleringsplanen. Gjennomføringa av desse tiltaka er naudsynte for at skulen skal få bruksløyve.

Trafikktryggleik

Prosjektet omfattar fleire tiltak som skal gi betre trafikktryggleik. Det skal kome opphøgde gangfelt og gatelys. Tilkomsten for gåande og syklande skal betrast. Ved skulen skal byggast ein større busshaldeplass. I det same prosjektet inngår også delar av nærvarmeanlegget som knyte saman ungdomsskulen, idrettsbygget, barneskulen og Bjørnarhallen.

For å gjennomføre prosjektet er det naudsynt å kjøpe nokre mindre areal frå naboar.

Utan utslepp

Byggearbeida skal i størst mogeleg grad skje utan utslepp. Det er også lagt opp til å bruke om att eksisterande vegoverbygg der det er tenleg. Lokale massar skal gjenbrukast for å få ned transportbehovet til og frå anlegget.

Prosjektet skal etter planen vere ferdig i løpet av 2. kvartal 2025.

Byrådet tilrår at dei vedtekne rekkefølgekrava vert gjennomført i tråd med framlegget frå fagetaten. Prosjektet har ei tilrådd total investeringsramme på 88 millionar kroner.

Saka skal behandlast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta

Her er sakene fra byrådet 29. februar

Saken ble behandlet i bystyret 10. april 2024. Se vedtak.