Arkitektskisse av eit bustadbygg
Eit bygg med rom for åtte husvære blir reist på Lonamarka-tomta.
Bilde: Henning Larsen

​​Bygger nytt på Lonamarka

Byrådet rår til at det vert reist nye utleigebustadar på Lonamarka-tomta. Prosjektet har ei investeringsramme på 96,4 millionar kroner.

I 2021 vart det kommunale bustadbygget på Lonamarka totalskadd i ein brann. Til alt hell kom ingen til skade. Bygget som brann var eit leilegheitsbygg i fire etasjar og gav eit butilbod til 20 personar med rusutfordringar.

Bystyret har sidan vedtatt at når kommunen byggjer nye bustadar for denne gruppa menneske skal talet på bebuarar ikkje overstige 6-8 personar. Det skal dessutan vere personale til stades heile døgnet.

No er eit prosjekt for nye bustadar på Lonamarka klar til gjennomføring. Det nye bygget vil vere i to etasjar. Det vil ha åtte like leilegheiter med tilhøyrande personalbase. Det nye bygget kjem på om lag same stad som det førre, men vil ha eit mindre fotavtrykk. Personalbasen skal ha opphald for fire årsverk i turnus. I tillegg blir det vektarteneste heile døgnet.

Bygget skal etter planen stå ferdig på slutten av 2027.

Byrådet vurderer prosjektet som eit godt og tiltrengt tiltak som vil dekke eit viktig behov. Byrådet tilrår difor at prosjektet vert gjennomført. Investeringsramma for prosjektet er 96,4 millionar kroner.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

Sakene til byrådet 27. mars er klare