Dei tre husa har til no vore nytta som utleigebustadar. No skal utval for finans, kultur og næring ta stilling til å gjennomføre eit ombyggingsprosjekt. Prosjektet går ut på å gjere den noverande bygningsmassen om til personalbase og avlastningsbustadar for barn og unge med alvorlege funksjonshemmingar.
Fordelt på dei tre bygga i Leirvikåsen skal det kome 12 nye avlastningsplassar og fire nye barnebustadar. Dette vil gi tilbod til 16 nye brukarar.
I samband med ombygginga vil bygga òg få elektroniske låssystem, sprinklaranlegg, brannalarmanlegg og oppdaterte anlegg for VVS og elektro.
Byrådet rår til at prosjektet vert gjennomført i tråd med saka.
Saka går vidare til utval for finans, kultur og næring.
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 16. mai