Illustrasjon av fem bustadar ved eit vatn omgjevne av skog
FEM NYE: Dei fem nye bustadane i Bjørgeveien vil vere eit kjærkomment tilskot til kommunen sitt bustadprogram.

Skal byggje utleigebustadar på Bjørge

Som eit ledd i bustadprogrammet skal det byggjast fem utleigebustadar på Bjørge. Byrådet rår til at prosjektet gjennomførast med ei investeringsramme på 52,4 millionar kroner.

Bustadprogrammet vart vedteke av bystyret i 2017. Det er ein handlingsplan for å skaffe 250 fleire kommunale utleigebustadar. Utleigebustadane på Bjørge vil inngå som ein del av dei 125 bustadane som kommunen skal byggje sjølv.

Prosjektet omfattar fem utleigebustadar utan personalbase på tomta. Husa er meinte for personar som slit med rus og psykisk helse. Kvart av dei fem småhusa skal fungere som sjølvstendige og fullverdige bustadar.

Lagt tilrette for målgruppa

Dei som skal bu her vil få ambulant oppfølging frå ulike tenesteytarar med helse- og sosialfagleg bakgrunn. Bustadane er særleg lagt til rette for målgruppa og er eit viktig supplement for at kommunen skal kunne tilby differensierte bustadar.

Småhusa er kjeda saman til to bygningskroppar. Alle bustadane får kvar sin private forhage med gode solforhold. Frå bakhagen er det inngangsparti og sykkelparkering. Det kjem fire parkeringsplassar.

Ny avkøyrsel

Det vil kome ny avkøyrsel frå Bjørgeveien, tilkomstveg og annan infrastruktur. I reguleringsplanen er det også eit rekkefølgjekrav om enkel oppgradering av turstien i utkanten av planområdet.

Byrådet meiner prosjektet er eit godt tilskot til bustadprogrammet og rår til at prosjekt blir gjennomført slik det er skissert i saka. Prosjektet har ei tilrådd total investeringsramme på 52,4 millionar kroner. Byrådet viser til at etableringskostnadane er høge. Kostnadane må mellom anna vurderast ut frå talet på bustadar, behov for infrastruktur og rekkefølgjekrava som er sette.

Byrådet kjem med tilråding i møte 21. desember. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka