Loddefjordåsen behandlingssenter skal reisast på nabotomta til det eksisterande Frieda Fasmer behandlingssenter.
No har prosjektet for den nye sjukeheimen kome så langt at gjennomføringa av det skal godkjennast av bystyret. Byrådet rår til at bystyret godkjenner prosjektet.
Gått ned til 90 plassar
Prosjektet har krympa på vegen. I samband med reguleringa av tomta kom Statsforvaltaren med motsegn. Prosjektet som no ligg føre vil kunne gi 90 korttidsplassar. 20 av desse plassane skal brukast til rehabilitering. I tillegg inneheld prosjektet kafé og uteareal som både skal passe brukarane av bygget og unge i området.
Bygningsmassen er sett saman av ein sentral del med tre utstikkande bebuarfløyer. Bygget skal utførast med standard som passivhus. Det skal nyttast lågkarbonbetong og massivtre. Delar av taket skal ha takhage og vere grønt. For å få energieffektive løysingar er det planlagt å ha energibrønnar med varmepumpe og solceller på taket. Byggeplassen skal vere utan utslepp.
Må flytte høgspentlinje
Bystyret har i desember 2024 vedteke gjennomføringa av fleire rekkefølgjekrav i samband med bygginga av det nye behandlingssenteret. Framdrifta vil vere avhengig av arbeida som skal løyse rekkefølgjekrava. Mellom dei mest utfordrande er å flytte den eksisterande høgspentlina. Omlegginga av lina kan berre gjerast i sommarhalvåret og BKK bestemmer når det gjerast.
Byggearbeida for behandlingssenteret vil etter planlagt framdrift i saka skje på tampen av 2025. Senteret er planlagt overlevert 3. kvartal 2028.
Tilskot frå Husbanken
Investeringsramma for prosjektet er på 1.041 millionar kroner. Prosjektet har fått innvilga tilskot frå Husbanken. Tilskotet er på 214 millionar kroner.
Byrådet meiner prosjektet vil gi moderne og tilpassa fasilitetar for eldre med trong for korttidsopphald og rehabilitering. Byrådet tilrår til at prosjektet vert gjennomført slik saka skisserer.
Saka går vidare til utval og bystyre.