Bystyret skal no ta stilling til å om kjøpa skal gjennomførast. Bakgrunnen for saka er at Etat for boligforvaltning (EBF) har fått ei bestilling frå Byrådsavdeling for barnevern, sosiale tenester og mangfald på kjøp av inntil 40 bustader som er tilpassa familiar.
Bustadene skal ha god geografisk spreiing. Kjøpa skal anten bidra til ei geografisk spreiing av kommunale bustader eller førebygge trongbudde husvære. Fleire familiar som treng kommunal bustad har mange barn og treng difor meir plass.
I handlings- og økonomiplanen 2024-27 er det sett av 200 millionar kroner til å kjøpe 40 bustader for store barnefamiliar.
Byrådet meiner det er viktig at det er nok utleigebustader for barnefamiliar som har vanskar med å skaffe bustad i den vanlege bustadmarknaden. Ved utgangen av 2023 var det 45 barnefamiliar som venta på bustad. 84 barnefamiliar venta òg på å få byte bustad. For å møte dette behovet treng kommunen fleire bustader med tre eller fleire soverom.
Byrådet rår til at bystyret gjer gjennomføringsvedtak i tråd med premissane i saka.
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 4. april