Pepperkakebyen
FAST STAD: Bergen Sentrum søkjer om garanti frå kommunen til å etablere Byrommet, eit bygg som mellom anna skal bli fast heim for Pepperkakebyen.
Bilde: Endre Hovland

Gir garanti på to millionar til Byrommet

Bergen Sentrum AS har søkt kommunen om lånegaranti og tilskot for å finansiere Byrommet. Byrådet går inn for å gi ein garanti, men har ikkje funne rom for å gje ytterlegare tilskot.

Bergen Sentrum har tidlegare søkt kommunen om ein kommunal garanti for å låne inntil 15 millionar kroner. Lånet skulle nyttast til å finansiere Byrommet i Kong Oscars gate 26 A. Byrådet avslo denne søknaden i januar. Avslaget var grunngjeve mellom anna med at kommunen ikkje har høve til å garantere for lån til næringsverksemd.

Selskapet har sendt ein ny søknad med finansieringsplan. Garantibeløpet er i søknaden redusert til 2,2 millionar kroner. Bergen Sentrum søkjer òg om eit tilskot på 1,5 millionar kroner.

Bergen bystyre har i budsjettet for 2024 løyvd to millionar kroner som eingongstilskot til Bergen Sentrum AS. Selskapet får òg driftstilskot på 250.000 kroner til å arrangere Pepperkakebyen. Byrommet skal forutan å vere den faste heimen til Pepperkakebyen nyttast til andre kultur- og opplevingsarrangement. I søknaden står det òg at Byrommet skal formidle historia til byen og regionen på nye og engasjerande måtar.

Byrådet har vurdert søknaden om ytterlegare tilskot i samband med revidert budsjett, men ikkje funne det mogeleg å kome søknaden i møte. Byrådet meiner eit garantibeløp på 2,2 millionar kroner vil ha liten verknad for kommuneøkonomien om lånet vert misleghalde. Byrådet rår difor til at ein slik garanti vert gjeve.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 27. juni