Illustrasjon som viser formidlingsrom i et museum
MODERNE: I utstillingsdelen skal det kome rom for interaktive opplevingar for dei besøkande i Det hanseatiske museum.

Løyver midlar til utstillingsdel på Det hanseatiske museum

Byrådet rår til å løyve 80 millionar kroner til å byggje ei komplett utstilling i Det hanseatiske museum.

Museet held til i bygget Finnegården som dei siste åra har vore under rehabilitering i eit eige prosjekt. Denne saka handlar om å gjennomføre bygginga av ein utstillingsdel på museet.

Ikkje berre gjenstandar

Prosjektet omfattar prosjektering, design, produksjon og installering av ei komplett utstilling. Utstillinga  skal handle om kva hanseatane har hatt å seie for Bergen og virket deira i byen. Ho skal også handle om korleis hanseatane påverka Noreg og Europa.

Tidlegare har Det hanseatiske museum vore eit interiør- og gjenstandsbasert museum. Museet er, saman med resten av Bryggen, ein del av kulturarven i verda. Sidan 2018 har Finnegården vore stengt grunna naudsynt rehabilitering.

Reise gjennom tidene

Gjennom ei ny utstilling ønskjer museet å vere meir nyskapande med tanke på korleis historia vert formidla. Det internasjonale museumssamarbeidet ICOM set òg ein del krav til eit moderne museum. Etter rehabiliteringa vil museet ha meir utstillingsareal.

Utstillingskonseptet legg opp til ei reise gjennom tid, frå vikingane sine handelsruter som vart «overtatt» av hanseatane, over hanseatane sitt herredøme på Bryggen, Det tyske kontor og vidare til dagens handelsruter og rutinar.

Lydbilete

Det vil bli lagt inn korte «lydbilete» rundt i museet. Desse vil skape ei stemning og ei oppleving av at huset framleis lever. Publikum sitt møte med museet byrjar i den gamle sjøboden mot Vågen, der det blir etablert eit «anslag». 

Med hjelp av ny teknologi vil publikum bli tatt med på ei reise tilbake i tid og via animerte filmklipp «opne» opp dei gamle lafta veggane mot Vågen og vise dagleglivet på Bryggen.

Byrådet meiner at meiner at det rehabiliterte bygget og ei oppdatert utstilling vil gi eit museum i verdsklasse. Byrådet rår til at prosjektet vert gjennomført med ei investeringsramme på 80 millionar kroner.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 19. desember