Bystyret skal fatte endeleg vedtak om å gjennomføre prosjektet som har ei kostnadsramme på 78 millionar kroner.
Vil bygge nytt
Det noverande garderobeanlegget og klubbhuset på Mathopen er i dårleg stand. Delar av anlegget er stengt av tryggingsomsyn. No legg byrådet fram eit gjennomføringsvedtak om å bygge ny aktivitetssal med tilhøyrande garderobeanlegg.
Det eksisterande klubbhuset er i dag eigd av Mathopen idrettslag. Kommunen vil overta som eigar og ha ansvaret for drifta at nybygget. I tillegg til idrettslaget er òg Mathopen skole dagleg brukar av anlegget.
Skal stå klart sommaren 2026
Klubbhuset skal rivast og erstattast av eit nybygg med handballgarderobar, fotballgarderobar, dommargarderoba, kiosk, foaje og aktivitetssal. Totalt vil arealet vere på omlag 980 kvadratmeter når bygget står ferdig.
Idrettshallen skal bestå og vil vere i drift under heile byggeperioden. Det vil kome erstatningsgarderobar for brukarane av fotballbana og handballhallen i rive- og byggeperioden.
Kontrakt om arbeida vert truleg signert i mai 2024. Bygget skal stå klart etter planen i august 2026.
Byrådet rår til at prosjektet vert gjennomført i tråd med premissane i saka.
Saka går vidare til utval og bystyre.
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 4. april