Fana har fått ny brannstasjon i Rådal. Den gamle brannstasjonen på Paradis står tom.
Kommunen har mottatt eit innbyggjarforslag signert 565 personar. Dei ønskjer ikkje at Bergen kommune skal selje den gamle brannstasjonen, men bruke bygget i ein sambruksmodell mellom kommunale einingar på dagtid og lokalmiljøet på ettermiddag og kveld.
Innbyggjarforslaget er grunngjeve med at sentrale delar av Paradis manglar leikeplass og forsamlingslokale for nærmiljøet.
Byrådet har vurdert innbyggjarforslaget og rår til at bystyret avviser det. Byrådet meiner at når det ikkje er tunge argument for å halde på bygget, må det seljast. Då vil kommunen spare pengar og frigjere kapital som kan nyttast til andre prioriterte investeringar. Byrådet viser òg til at det ikkje er kommunale einingar som har meldt si interesse for å ta over den gamle brannstasjonen.
Byrådet er heller ikkje samde med underskrivarane i at det er færre tilgjengelege lokale på Paradis enn i andre bydelar. Både Paradis skole, tidlegare Fana gymnas og Storetveit skole er bygg som er eigna for sambruk og aktivitetar om kvelden og i helgene. Bergen kommune har dessutan ikkje lagt opp til ein praksis med kommunalt finansierte forsamlingshus i dei ulike bydelane.
Saka går vidare til utval og bystyre.