Annonseringsdato: 7. september 2023
Frist for innspel: 13. oktober 2023
Bergen kommune er mellom dei største eigarane av eigedom i Noreg. Gjennom eigedomane tar kommunen vare på store verdiar på vegne av fellesskapet. Det har mykje å seie for eiga verksemd og for innbyggarane korleis kommunen forvaltar eigedomane.
– Eigedomsstrategien gir ein tydeleg visjon, retning og rammer for korleis vi skal prioritere, utvikle og styre heile eigedomsverksemda vår. Ein kommunal eigedom er ikkje berre ein tilhaldsstad for tenester. Dei er også med på å bidra til nærmiljøet dei ligg i, seier byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen.
Eigedomsstrategien gir kunnskap om kva forvaltning av eigedom er og korleis kommunen organiserer eigedomsverksemda. Den skildrar òg korleis kommunen ønskjer å drive eigedomsverksemda i tida framover. Mellom anna blir strategien ein viktig reiskap for å nå berekraftsmåla til FN og overordna kommunale planar.
Visjon og overordna mål
Eigedomsstrategien har ein visjon om at eigedomsverksemda i Bergen kommune er heilskapleg, berekraftig og med gjennomføringsevne.
Strategien har desse to overordna måla:
- Bergen kommune skal vere miljøbevisst og ansvarleg forvaltar og utviklar av bygg og eigedom.
- Bergen kommune skal vere ein strategisk og langsiktig eigedomsaktør med tydeleg samfunnsorientering.
Fem strategiar
Det er utarbeidd fem strategiar. Desse skal vise kva satsingar som skal prioriterast for å nå visjonen og dei to overordna måla i eigedomsstrategien:
- Gjere prioriteringar gjennom ei heilskapleg og tydeleg forvaltning og utvikling
- Forvalte og utvikle bygg og eigedom med god kvalitet og fleksibel arealbruk
- Velje klimavennlege løysingar med ressurseffektiv bruk av materiale, energi og areal
- Sikre eigedomsbehovet til kommunen på kort og lang sikt som ein strategisk kjøpar og seljar
- Bruke grunneigarrolla meir aktivt for å bidra til berekraftig byutvikling og mangfald
Dokument
Send innspel
Byrådet legg ut høyringsutkastet til eigedomsstrategien på open og allmenn høyring. Det betyr at alle som ønskjer å kome med innspel til strategien er velkomne til å gjere det.
– Eg håpar på mange gode innspel frå innbyggjarane som kan gjere ein god strategi for korleis vi skal forvalte og utvikle eigedomane våre endå betre, seier eigedomsbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen.
- Send innspelet ditt i eige høyringsskjema her (krev pålogging gjennom ID-porten)
Fristen for å sende inn innspel er 13. oktober 2023. Byrådet vil gå gjennom innspela før planen blir sendt til bystyret for endeleg behandling.
SE OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 7. september