Bergen Rådhus
REKNING KLAR: Sluttrekninga for rehabiliteringa av Bergen Rådhus skal no godkjennast av bystyret.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Skal godkjenne rekninga for rådhuset

Sluttmeldinga for investeringsprosjektet Bergen Rådhus skal no godkjennast av bystyret. Rekninga for innvendig og utvendig totalrehabilitering kom på 706.029.528 kroner og 22 øre.

Den utvendige rehabiliteringa kosta 164,1 millionar kroner. Det er eit mindreforbruk på 4,5 millionar kroner samanlikna med justert budsjett. Samanlikna med gjennomføringsvedtaket er det eit meirforbruk på 64,1 millionar kroner.

Meirforbruk

Den innvendige rehabiliteringa har kosta 541,9 millionar kroner. Det er eit mindreforbruk i høve justert budsjett på 118.000 kroner. Samanlikna med gjennomføringsvedtaket er det eit meirforbruk på 191,8 millionar kroner.

Arbeida på fasaden vart ferdige juli 2021. Arbeida med innvendig ombygging vart gjort ferdige i mai 2022. Dei tilsette og folkevalde kunne flytte inn 1. juli 2022. Som eige prosjekt starta arbeidet med Bergen Rådhus opp arbeidet i 2016.

Har lukkast med kvalitet

Prosjektet har blitt evaluert av det eksterne selskapet Marstrand. Evalueringsrapporten deira peikar på at det har vore utfordringar med å nå måla for tid og kostnad i prosjektet, men har lukkast å nå måla som gjeld kvalitet. 

Dei to effektmåla med å forlenge levetida til bygget med 50 år er realisert. Det same gjeld målet om å få gode og effektive arbeidsplassar i tråd med kommunen sitt konsept for kontorarbeidsplassar.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ:  Her er sakene fra byrådet 25. mai