Annonseringsdato: 05.07.2023
Merknadsfrist: 01.09.2023
Saksnummer: 2019-36410

Status: Offentlig ettersyn - plan

Forslag til temaplan for skogbruk i Bergen kommune er lagt ut på offentleg høyring. Fristen for å senda innspel er 01.09.2023.

Bergen kommune ved Etat for landbruk sender forslag til temaplan for skogbruk i Bergen kommune på offentleg høyring. 

Skog dekker halvparten av Bergen kommune, og byr på flotte turopplevingar, leveområde for ulike artar, vern mot naturfarer og karbonlagring. Minst like viktig er skogen som kjelde til kortreist materiale til å bygge eller energiproduksjon. Næringa som nyttar skogen og sikrar byggemateriale og ved har ei kompleks oppgåve. Å forvalte desse skogområda på ein måte som tek omsyn til dei mange verdiane skogen har, er krevjande. 

Forslag til temaplan for skogbruk syner korleis Bergen kommune vil utvikla og auka verdiskapinga i ei berekraftig skognæring i kommunen. 

Send innspel

Frist for å senda inn høyringssvar er 01.09.2023. Høyringssvar skal merkast med saksnummer 2019/36410 og sendast på e-post til landbruk@bergen.kommune.no, eller til Etat for landbruk, postboks 7700, 5020 Bergen. 

Merk at høyringssvar er offentlege etter offentleglova. 

Saksdokument