Illustrasjon Haugland bofellesskap
BU, LEIKE OG SPELE: Gamle Haugland skule skal utviklast til å huse to nye bufellesskap, offentleg leikeplass og grendahus for nærmiljøet i gymsalen.
Bilde: Norconsult

Byggeprosjekt: Bofellesskap Haugland

Haugland skule skal byggjast om til bufellesskap. Gymsalen skal gjerast om til eit grendehus og det skal kome ny leikeplass på tomta. Prosjektet er ein del av Bustadløftet for utviklingshemma.

Status: Gjennomføringsfase

Prosjektskildring

Haugland bofellesskap er ein del av Bustadløftet Bergen. Programmet har som mål å fjerne boligkøen og det skal gi 130 flere bustadar for personar med utviklingshemming.

Illustrasjon av Haugland bofellesskap
Det skal byggjast seks leilegheiter i kvart av dei to nybygga på tomta.
Bilde: Norconsult

Haugland skule på Gaupås i Arna vart lagt ned i 2018.  Den gamle skuletomta er vald som bufellesskap spesielt med tanke på den rolege omgjevnaden med høve til fine turar i skog og mark.

 På skuletomta skal det kome to separate bufellesskap med seks leilegheiter og tenestebase i kvart bygg. Tiltaket omfattar to nybygg og ombygging av den gamle skulen. Gamleskulen skal koplast saman med eitt av nybygga og vere eit samla bufellesskap.  Det andre bufellesskapet vil berre bestå av nybygg. 

Illustrasjon av Haugland bufellesskap
Nybygga i front med det gamle skulebygget i bakgrunnen.
Bilde: Norconsult

Den eldste delen av den tidlegare skulen vil bli nytta til tenestebase. Dei eldste bygga er frå 1952 og treng omfattande rehabilitering. 

Haugland bofellesskap illustrasjon fugleperspektiv
Bufellesskapet slik det vert sjåande ut, sett med fugleauge.
Bilde: Norconsult

Skulen vert i dag brukt av nærmiljøet. Bystyret har difor bede om at den gamle gymsalen kan brukast på ein måte som kjem lokalmiljøet til gode. Gymsalen skal rehabiliterast og gjerast om til eit grendehus. I tillegg vil det kome ein felles utandørs leikeplass att med gymsalen.

Grendahuset skal kunne nyttast til aktivitetar som korps, fotball og festlege høve som 17. mai. Nytt ventilasjonsanlegg og heis skal på plass. Taket skal òg styrkjast slik at det kan tole at det kjem solceller.

Bystyret vedtok områdereguleringsplan for bufellesskapet mars 2023. 

Fakta

  • Prosjekt: Haugland bofellesskap og grendahus, rehabilitering og nybygg
  • Adresse: Hauglandsvegen 56, 5265 Ytre Arna
  • Arealer: ca 3000 m²
  • Entrepriseform: Totalentreprise
  • Byggestart: Hausten 2024
  • Ferdig: Hausten 2026
  • Prosjekteringsgruppe forprosjekt: COWI AS/Norconsult Norge AS
  • Reguleringsarkitekt: Henning Larsen
  • Totalentreprenør: Åsane byggmesterforretning AS
  • Investeringsramme: 219,1 mill. kr. (bufellesskap) og 37,8 mill. kr. (ombygging gymsal). 

Etat for utbygging prosjektleiar: Karen Austegard