Innspurt mot nasjonaldagen
Innspurt mot nasjonaldagen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 20 - Kalvatræet og Landås

Nasjonaldagen er rett rundt hjørnet – og mai elles er nær sagt full av offentlege flaggdagar. På leirskulen flaggar me, i tillegg, kvar dag det er elevar her og det er elevane sjølv som gjer jobben.

Flaggteneste betyr og flaggbretting
Flaggteneste betyr og flaggbretting
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei av våre faste oppgåver på leirskulen er nemleg flaggteneste. Flagget vårt skal opp i flaggstanga om morgonen og ned igjen om ettermiddagen. Som ein introduksjon, gjennomført som ein samarbeidsaktivitet måndag ettermiddag, får elevane vite korleis dette skal gå føre seg. Her er me inne på flaggreglar som bretting, ikkje berøre bakken og tidspunkt flagget skal opp og ned. For nokre elevar er dette kjent stoff, men for mange er dette heilt ny kunnskap å ta med seg.

Elevane frå Kalvatræet og Landås har, sjølvsagt, vore innom dei faste oppgåvene våre – deriblant flaggteneste. Men, trass i at dette har vore ei 4-dagars veke, har me gjort på svært mykje. Tysdagvar den eine, store utedagen vår. Her var det uteundervisning, som seg hør og bør på ein leirskule, om ulike fagfelt. Kalvatræet hadde Kikedalen som mål for dagen. Kanoen var transportmetode fram og tilbake. Inne i Kikedalen var det mellomalderhistorie og landskapsformer som stod på programmet – i tillegg til utelunsj.

Transport på vatn - kanoen som middel
Transport på vatn - kanoen som middel
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Landås hadde Vengsvatnet som arbeidsområde. Transportmiddel her var ein kombinasjon av kanoar og robåtar – som betydde at alle elevane hadde sjansen til å teste begge deler. Ferskvatn og fisk var tema som stod i høgsetet her – garntrekking samt studie av fisk både på utsida og innsida (les sløying). Som om ikkje det var nok, fekk elevane ein liten smakebit av varmrøykt fisk frå garnet – dels aure og dels røye

Onsdag var bygdedag. Her var tida skrudd tilbake til slutten av 1800-talet – målet vårt er å gje elevane ei lita kjensle av korleis livet og kvardagen var på landsbygda på denne tida. Kva arbeidsoppgåver og aktivitetar dreiv folk flest med…

Bygdedag og hausting av gras - i sving med ljåen
Bygdedag og hausting av gras - i sving med ljåen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag ettermiddag var skulane delt – Kalvatræet delt mellom stjerneorientering og matlaging utandørs. Medan Landås sine elevar nytta sjansen til å gjennomføre ein leksjon i sjølvberging i vatn.

Torsdag var 16.mai og dermed siste leirskuledag denne veka. Den vart, som vanleg, avslutta med utpakking, rominspeksjon, kyrkjebesøk og avsluttande lunsj. 

Frå oss på leirskulen vil me takke for ei kjekk veke og samstundes ynskje alle saman ei rett så god feiring av nasjonaldagen – 17. mai.

Sjølberging i vatn - korleis redde seg opp av vatnet med full påkledning
Sjølberging i vatn - korleis redde seg opp av vatnet med full påkledning
Bilde: Hålandsdalen leirskole