Korleis har naturen sjølv forma landskapet rundt oss?
Korleis har naturen sjølv forma landskapet rundt oss?
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 21 - Skranevatnet og Loddefjord

Dei «magiske» 10 000 timar – den omtrentlege tida det tek med seriøs trening/øving for å nå sitt eige maksimale nivå. Kort fortalt, dersom ein vil bli god så krevs det trening/øving.

Restane av dei gamle bygningane i Kikedalen
Restane av dei gamle bygningane i Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dette gjeld, nær sagt, uansett kva ein siktar seg inn mot. Det kan vera innan basisferdigheiter i skuleverda, som lesing og rekning, eller det kan gjelde praktiske, fysiske og tekniske aktivitetar. Ein handverkar har, til dømes, gjerne rundt 4500 timar opplæring/øving før fagbrevet er i boks – og sjølv då er det nokre års erfaring som manglar før det eigentlege maks-nivået er nådd. 

Korleis er det å skulle kome seg opp på ei brygge med full påkledning?
Korleis er det å skulle kome seg opp på ei brygge med full påkledning?
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Den same øvinga gjeld heilt daglegdagse ting som, til dømes, det å ta ansvar. Evne til å ta ansvar kjem ikkje av seg sjølv – det må trenast på. Ta ansvar for eigen væremåte, ta ansvar for eigne ting og ta ansvar på vegne av fellesskapet. I denne samanhengen er leirskulen ein god plass for øving – i den forstand at elevane ikkje bur heime. Ei leirskuleveke varer i underkant av 100 timar for elevar som er her måndag til fredag – altså berre eit lite bidrag til dei 10 000 timar. Likevel er det eit bidrag som gjerne blir hugsa av elevane – rett og slett «Læring for livet».

Bygdedag og arbeid med skinn
Bygdedag og arbeid med skinn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

For 6.trinn frå Loddefjord og Skranevatnet sin del har veka vart frå tysdag til fredag. Tysdag var ankomst- og fredag avreisedag no i veke 21 - med bygdedag onsdag og full utedag torsdag. Utedagen vart nytta på vatn, Loddefjord på Gjønavatnet og Skranevatnet på Vengsvatnet. Alle elevane har vore innom tema kano og kanopadling, medan elles har undervisninga variert mellom middelalderhistorie, landskapsformer, fisk og ferskvassøkologi.

Bygdedagen er dagen då me verkeleg samanliknar fortid med notid. Dette er på mange måtar leirskulen sin profil – av den grunn at me trur bestemt at kunnskap om vår eiga historie skapar større forståing for notida.

Mange av elevane har prøvd seg på sjølvberging i vatn på leirskulen
Mange av elevane har prøvd seg på sjølvberging i vatn på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei, litt kort, leirskuleveke går fort og avreisedagen kom plutseleg på. Etter gjennomført rominspeksjon, kyrkjebesøk og avsluttande lunsj, var det berre stuing av bagasje i bussen som stod igjen for turen heimover var eit faktum. Med nokre fleire timar med øving i, blant anna, det å ta ansvar.

Takk for no til alle frå Loddefjord og Skranevetnet.