Drageidkanalen
Drageidkanalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 22 - Sælen og Krohnengen

Det fines utrulege mengder med taus kunnskap i dei alle fleste aktivitetar – «ting» som berre blir gjort utan at ein tenkjer over det - godt gamalt handverk og handarbeid.

Arbeid med eigne hender - sløying av fisk
Arbeid med eigne hender - sløying av fisk
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Teknikken «sat i fingrane». Enten det var snakk om å byggje hus, reparere reiskapar eller å bake lefser. Dette er teknikkar som er, nær sagt, umogleg å lese seg fram til – det må erfarast og øvast på. Svært mykje av det me held på med på leirskulen er aktivitetar som går føre seg med kroppen og med hendene. For mange er det heilt nye, eller nesten nye oppgåver. Det blir derfor litt prøving og feiling før dei blir meistra. 

Klar for uteundervisning i Kikedalen
Klar for uteundervisning i Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Kanopadling er ein slik aktivitet – ein aktivitet som krev både framdrift og styring. Det same er sløying av fisk. I tillegg er elevane innom både faste oppgåver, bygdedagsaktivitetar og ulike friluftsaktivitetar.

Elevane frå Sælen og Krohnengen har, som sagt, vore innom mange ulike aktivitetar og oppgåver i si leirskuleveke. Dei faste dagane, måndag og fredag, har sin faste rytme. Det same har tysdag, onsdag og torsdag, men her er innhaldet mykje meir variert for elevane. 

Kanopadling på Skogseidvatnet
Kanopadling på Skogseidvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Sælen nytte sine utedagar på vatn. Tysdag nytta dei kanoen som transportmiddel på veg til og frå Kikedalen. Undervisningstema var landskapsformer og middelalderhistorie. Torsdag var det Vengsvatnet og ferksvassøkologi som stod på tapetet. Robåtar fekk elevane fram og tilbake - med bruk av eigne krefter og teknikk (taus kunnskap). Innsamling av data frå vatnet og studie av fisk som fylte dagen med undervisning.

Krohnengen hadde òg sin tysdag på vatn i kano. Skogseidvatnet var lokasjon og tematikken var vatn som ferdselsveg i gamal tid. Elevane padla òg gjennom Drageidkanalen og til Kilen for busstransport tilbake til leirskulen. Undervisninga torsdag hadde krigshistorie som tema og me nytta dagen innover mot Botnavatnet og Øykjafjell der me prøvde å setje oss inn i korleis det kan ha vore då det vart gjennomført flyslepp av våpen og utstyr her i 1944 og 1945.

Matlaging utandørs - oppdrag lappesteiking
Matlaging utandørs - oppdrag lappesteiking
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var bygedagen vår, med kroppsarbeid og verkeleg utprøving av taus kunnskap. Fordelt på ulike stasjonar, prøvde elevane seg på alt frå vedarbeid til gamleskulen. Ettermiddagen vart nytta ute – elevane delt mellom ulike friluftsaktivitetar. 

Fredagen kom med godvær og varme – ein god avslutning på ei kjekk veke. Takk for no og god helg til både lærarar og elevar frå Krohnengen og Sælen.