Alt klart for Kikedalen
Alt klart for Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 24 - Midtun

«Å stå i det» , «å halde ut», «ikkje gje opp», «stamina»…Uttrykka kan vera mange, med same bodskap. Å få til noko krev, oftast, eit hardt arbeid over tid – enten det er fysisk, teknisk eller mentalt.

Kanopadling krev både teknikk, kraft og samarbeid
Kanopadling krev både teknikk, kraft og samarbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Med elevar og lærarar frå Midtun på besøk denne veka, vart utedagane spissa mot to-tre undervisningstema – krigshistorie, middelalderhistorie og naturen som landskapsformar. Lokasjonane for alle desse undervisningstema krev ein innsats for å nå fram til. 

Tematikken rundt krigshistorie krev at elevane nyttar sine eigne bein for å kome seg via Holdhusstølen, forbi Øykjafjell og opp til Botnavatnet. Undervegs får dei, bit for bit, fortalt historien om norske motstandsmenn som, under 2.verdskrig, tok imot militært utstyr som vart flydd inn frå Storbritannia og droppa ut med fallskjerm i Hålandsdalsfjella. Denne turen, med undervisningstema, er både ei direkte oppgåve i «å halde ut» - men kanskje vel så mykje ei lita bevisstgjering på kva uttrykket betydde for norske motstandsmenn for 80 år sidan.

Arbeid i smia på leirskulen
Arbeid i smia på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Den andre utedagen, med sine undervisningstema, hadde Kikedalen som turmål. Utfordringa her er ofte padleturen på Gjønavatnet. For halve gruppa, som var i kano tysdag, gjorde me eit forsøk, men måtte kapitulere kanopadlinga grunna for sterk motvind. Resultatet vart kanoar lagt på land og båtskyss tur/retur Kikedalen. Torsdag, derimot, viste Gjønavatnet seg frå ei betre side – slik at padleturen kunne gjennomførast på vanleg måte.

 I tillegg, denne veka, har me hatt bygdedag onsdag. Her var det meir den tekniske «staminaen» som blei utfordra. Elevane fekk prøve seg på ein type handverk (før lunsj) og ein type friluftsaktivitet (etter lunsj). Enten det er, til dømes, lefsebaking, vedhogging, klatring eller roing  - så set det visse krav til teknikk. Med litt øving er det likevel kjekt å sjå kor mykje meistring elevane opplever med å prøve seg på slike aktivitetar.

Lefsebaking på vedovn
Lefsebaking på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag og fredag hadde samarbeid som viktig tema. Måndag med innflytting på leirskulerom saman med andre – og fredag med utpakking og avreise. Alt i fellesskaap med andre på leirskulen.

Takk for ei flott leirskuleveke til både elevar og lærarar frå Midtun. God tur heim og riktig god helg til alle som ein. 

Siste innspurt på våren sitt arbeid med ved
Siste innspurt på våren sitt arbeid med ved
Bilde: Hålandsdalen leirskole