Gamle Holdus kyrkje
Gamle Holdus kyrkje
Bilde: Hålandsalen leirskole

Veke 25 - Skeie

Juni månad og siste leirskuleveke før sommarferien. Lange, lyse dagar og netter - sommarsolkverv er akkurat forbi. Dette var utgongspunktet for 6. trinn frå Skeie si leirskuleveke.

Straks klar for avreise mot Kikedalen
Straks klar for avreise mot Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Om me skrur tida tilbake til slutten av 1800-talet, er dette den delen av året som er aller mest hektisk – i alle fall på landsbygda. Våronna på gardane var vel i havn og det var no tid for «sommararbeidet». Husdyra blei flytta til fjells rundt sommarsolkverv – eller Jonsok og St. Hans som me òg kjenner det som.  Sauene skulle no ha sin «sommarferie» høgt til fjells, medan kyrne vart flytta til fjellstølen. Felles for alle husdyra var at dei var på beite, der dei fann og «henta» maten sin sjølv. Sett gjennom dagens auger, med ekstremt fokus på økonomi, var dette, utan tvil, det billigaste fòret å skaffe. For gardsfolket vart no arbeidsoppgåvene på tunet litt færre og arbeidsoppgåvene utanfor tunet litt fleire.

I friskt driv på Gjønavatnet
I friskt driv på Gjønavatnet
Bilde: Hålandsalen leirskole

Den raude tråden gjennom ei leirskuleveke i Hålandsdalen, tematikken me vil at alle elevar skal vera innom, er forskjellen på før og no. Frå leirskulen si side er tanken at kunnskap om historie fører til betre forståing for vår eiga samtid. I den samanheng presenterer me mange slike samanlikningar gjennom veka – heilt frå måndag og til fredag. Det kan vera ord og uttrykk, til dømes «takk for skifte», det kan vera praktiske arbeidsoppgåver utan bruk av teknologi eller det kan vera uteundervisning med spesielle historiske tema.

I tillegg til alle «små historiske drypp» elevane får gjennom veka, har elevane frå Skeie valgt ut to tema med fokus på historie. Me har vore til Kikedalen og me har vore til Øykjafjell og Botnavatnet. Øykjafjell og Botnavatnet har lokal historie frå 2. verdskrig som tema og elevane får eit lite innblikk i arbeidet som lokale motstandsmenn gjorde dei siste krigsåra. Koplinga til Bergen og planane om sabotasjeaksjon med utstyr henta frå Hålandsdalen gjer at me lettare kan kjenna oss igjen.

Vaffelsteiking på vedovn
Vaffelsteiking på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Turen til Kikedalen har middelalderhistorie som eit av sine tema. Perioden midt på 1300-talet set sine spor over store delar av landet vårt – òg i Hålandsdalen. I tillegg koplar me dette mot «kunsten» å overleve i eit naturalhushald – noko som kan overførast til bruken av fjellbeite for kyr og sauer i dag.

Onsdag hadde me bygdedag. Her fekk elevane prøve seg på arbeidsoppgåver utan bruk av teknologi – altså litt slik det kunne vore på 1800-talet.

I skrivande stund er siste leirskuleveke, dette skuleåret, straks fullført. Ei veke med nye rutinar, nye opplevingar og nye erfaringar for elevane er ferdig. Det  har vore ei veke der elevane har meistra nye ting, fått sjå ting gjennom andre perspektiv og fått kjenne på at kroppen vår fungerer godt sjølv om den må arbeide hardt eller er litt trøytt. 

Smia og jernarbeid - smeden sin arbeidsplass
Smia og jernarbeid - smeden sin arbeidsplass
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Like fullt er truleg gleda av den komande sommarferien stor for alle. Takk for denne leirskuleveka til alle som har vore på besøk. Godt tur heim – og ikkje minst – riktig god sommar til dykk alle.