Tre personer på en scene.

Kulturdagene: Møte med eiga maske

22. oktober kl. 19.00, Fana kulturhus

Reidun Horvei, Arild B. Nielsen, og pianist og komponist Inger-Kristine Riber inviterer deg til ein konsert utanom det vanlege, der dei framfører det nye verket "Møte med eiga maske". Kvelden startar med ei innleiing av Gunnstein Akselberg som set stemninga for reisa me skal ut på.

 Om verket:
"Møte med eiga maske" tek utgangspunkt i bilete av Lars Gunnar Polden og utforskar tema som personleg og felles identitet, indre og ytre konfliktar, og søkinga etter meining i ei kompleks verd. Gjennom musikk, lyrikk og visuelle innslag vert du tatt med på ei reise som kryssar grensene mellom klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Verket ber preg av inspirasjon frå både spanske malarideal og afrikansk kultur, og gjev rom for refleksjon over livet og vår plass i verda.

Medverkande:

Reidun Horvei: song og resitasjon
Inger-Kristine Riber: piano, tekst og musikk
Arild B. Nielsen: trompet, bukkehorn og flygelhorn
Lars Gunnar Polden: bilete og opplesing
Jøran Mjelde: film
Gunnstein Akselberg: innleiing

--

Arrangementet er ein del av programmet for Kulturdagene i Fana 2024. Sjå heile kulturdagsprogrammet her.