Gullstøltunet

Om oss

Gullstøltunet sykehjem er eit moderne sjukeheim som ligg landleg til på Øvre Kråkenes, Bønes.

Me ønskjer at: «Gullstøltunet har bebuarar som opplever trygghet og respekt, fordi me har kompetente og engasjerte medarbeidarar som er opptatt av å skape ein god heim for den einskilde.

Plassering og tilkomst

Gullstøltunet ligg landleg til på Bønes, 10 minuttar med bil frå sentrum og knappe 10 minutt til Fyllingsdalen.  Her er det sykkelvegar og turvegar i alle retningar, og buss linje 15 og 14 har stopp på Kråkenestoppen like ved sjukeheimen.
For dei som  føretrekk bil er det stor parkeringsplass og sjølvsagt har me sykkelparkering. Nært Gullstøltunet ligg butikk med postkontor, helsestasjon, legesenter, frisør og servicebustadar.

Bygget og avdelingane

Byggeår: 1992. 
Me har 90 faste plassar fordelt på ni avdelingar for personar med somatiske lidingar og demens. I forkant av huset har vi eit flott lite parkanlegg. Her er det solrikt og fint å opphalde seg eller spasere på den lyse tida av året.

Aktivitetsenteret

Aktivitetssenteret på Gullstøltunet er overført til Etat for hjemmebaserte tjenester, Enhet for aktivitet og mestring. 

Kafeen vår

Kafé Christiegården er lys og triveleg med utsikt og utgang til parkanlegget. Kafeen er open for alle måndag til fredag , betjent onsdag og torsdag fra kl. 10:30 – 14. Her kan besøkande kjøpe ferske nybakte rundstykke og andre heimelaga delikatesser til subsidiert pris. Kafeen har kinoanlegg med TV, og nokre gonger blir det vist film, nyhende eller sportssendingar på stort lerret. Bebuarar, pårørande og tilsette kan låne eller leige kafeen til bursdagar og andre anledningar, etter avtale med administrasjonen. Kafeen har tilgang til internett (WIFI).

Aktivitetsavdelinga

Aktivitetsavdelinga ligg i lyse og triveleg lokale i 1. etasje, med kafeen og aktivitetssenteret som nærmaste nabo. Vi har ei rekke årlege arrangement. Vi kan nemne andakter, nyttårsfest, sommarfest, lutefisklag, Kiwaniesfesten og julebasar med meir. I løpet av året har vi ei rekke musikalske innslag og andre arrangement i regi av Bergens kulturelle spaserstokk. Her er formålet å tilby kulturopplevingar ved profesjonelle kunst- og kulturaktørar til seniorar i Bergen. Vi har individuelle aktivitetsplanar for bebuarane og tilbod om ulike aktivitetar individuelt og i fellesskap.

Me satsar på fysisk aktivitet for unge og gamle. Aktivitørane tilbyr trim og filmvising. Vi har trimsyklar for eldre og med projektor og store skjermar vil dei gamle kunne sykle rundt i byens gater i Bergen og andre byar på frostige dagar.

Bli frivilllig!

Frivillighet er en viktig del av eldreomsorgen her på Gullstøltunet sykehjem. Vi ser etter deg som har et par timer til overs i løpet av uken og som kunne tenke deg å gjøre noe hyggelig sammen med våre beboere.

Me treng besøksvenner, turvenner og hjelp til ulike arrangement. Ta kontakt med aktivitets- og frivillighetskoordinator Camilla Torgersen på e-post:Camilla.Torgersen2@bergen.kommune.no for meir informasjon 
Les meir: Bli frivillig

Kompetanse og satsingsområder

Gullstøltunet satsar på kompetanse. Bebuarane  på Gullstøltunet er omgitt av faggrupper som jobbar for at dei skal ha det best mogleg heile tida. Dei tilsette får tilbod om eksterne kurs og me har allsidig internundervisning. Mange har spesialutdanning innan geriatri og demens, og fleire er under utdanning i regi av Bergen kommune. Assistentar får tilbod om 24 timars assistentkurs. Me har flinke interne undervisningskrefter som skapar eit dynamisk og utviklande fagmiljø.

Kontakt oss gjerne direkte

Me har trådlause telefonar og ønskjer at pårørande og andre skal ta direkte kontakt.

Telefonnummer til avdelingane:
2A          53 03 59 61

2B          53 03 59 71

2C          53 03 59 81

3A          53 03 59 31

3B          53 03 59 41

3C          53 03 59 51

4A          53 03 98 41

4B          53 03 98 51

4C          53 03 98 61