På veg ned frå Heihillerq
På veg ned frå Heihiller
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 18 - Damsgård

Det nærmar seg 8.mai og frigjeringsdag. Dei siste veke har tema krigshistorie vore tungt inne på leirskulen. Det gjeld òg denne veka med elvar frå Damsgård, som har fått ein liten smakebit...

På veg oppover mot droppområdet frå 1945
På veg oppover mot droppområdet frå 1945
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ein av dei gode sidene ved leirskulen er at me kan gje ei praktisk kobling til mange undervisningstema. Leirskulen er ei skuleveke - endå meir intens enn vanleg – men like fullt ei skuleveke. Elevane får dermed oppleve, på kroppen, i hendene og i beina.

Når det kjem til tema krigshistorie i Hålandsdalen, er det koplinga mellom leirskulen sitt nærområde og Bergen me fokuserer på. Flysleppa som vart utført i 1944-1945, med våpen, ammunisjon og anna utstyr, var tiltenkt Bergen – først som sabotasjeaksjon og deretter til sikring av infrastruktur. Elevane får høyre historien om den lokale mottaksgruppa til desse flysleppa og deira innsats for å halde utstyret skjult for tyske troppar. Me legg opp til å gå delar av ruta denne mottaksgruppa nytta, samstundes som me prøver å setje oss inn i tankegongen, og livet som hemmeleg motstandsmann under andre verdenskrig.

Lunsjpause ved rennande vatn
Lunsjpause ved rennande vatn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Som om ikkje det var nok med krigshistorie som tema har me òg vore på vatn. Denne veka var Vengsvatnet lokasjon. Elevane har fått prøvd seg både i kano og i robåt – både i stille og i litt meir vindfulle forhold. Tema for dagen på Vengsvatnet var, i tillegg til bruken av to ulike båttypar, fisk i ferskvatn. Elevane har vore med på å trekkje garn, me har funne kondisjonsfaktor til fisk i laksefamilien og studert fisken både på utsida og på innsida (les sløyd fisken). Heilt til sist, har elevane fått smake på varmrøykt aure og røye frå «eige» garn.

Tønneproduksjon på bygdedag
Tønneproduksjon på bygdedag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Midt i veka, onsdag, kjørte me bygdedag. Der legg me ekstra fokus på å samanlikne livet før og no. Elevane deltek på ein bygdedagsaktivitet, der dei prøver seg på ei arbeidsoppgåve eller ein aktivitet tilpassa livet rundt 1890. Ettermiddagen har fokuset skifta til friluftsliv og elevane deltek på ein sjølvvalgt friluftsaktivitet.

Avreisedagen er det, naturleg nok, utpakking som står langt framme på «to do»-lista. Men det same gjer rollespelet i gamle Holdhus kyrkje. Her samlar me mange av trådane som er lagt fram gjennom veka – trådar som gjev elevane større kunnskap om vår eiga historie og dermed òg større forståing av livet slik me har det den dag i dag. 

Spikking - oppdrag "uthuling" av tre.
Spikking - oppdrag "uthuling" av tre.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for kjekke dagar og gode opplevingar saman med elevar og lærarar frå Damsgård.

På veg oppover mot droppområdet frå 1945
På veg oppover mot droppområdet frå 1945
Bilde: Hålandsdalen leirskole