Kikedalen
Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 23 - Løvås og Lone

Leirskule betyr mykje uteskule for elevane. Uteskule betyr andre utfordringar og ting å tenkje på enn «vanleg» skule – alt frå påkledning og pakking og til det viktigaste av alt, «safety first».

Friluftsaktivitet og klatring
Friluftsaktivitet og klatring
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Uteundervisninga går føre seg uansett vær og føre, men med dei justeringar som må til for at det skal vera trygt. «Safety first» er momentet som trumfar alt på leirskulen, så det er ikkje uvanleg at det undervisninga må justerast. Elevane vil bli «pusha» medan dei er på leirskule, men innanfor trygge rammer. Denne første veka i juni har både lærarar og elevar frå Lone og Løvås vore med på slike justeringar. 

Bygdedag betyr arbeid i smia
Bygdedag betyr arbeid i smia
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Løvås hadde sin første dag med uteundervisning, altså tysdag, med mål om og nå fram til Kikedalen. Dette betyr uteundervisning som omhandlar middelalderhistorie, landskapsformer og vatn som ferdselsveg. Temperaturen denne tysdagen var 10-15 grader kaldare enn dei siste par vekene – i tillegg var det nedbør i lufta og utover dagen varsla vindkast frå sør-vest. For besøkjande i Kikedalen med kano betyr det motvind heimover – noko som stiller krav til både fysisk styrke, viljestyrke og samarbeid i kanoane. Etter om lag ein kilometer, valgte me å avbryte padlinga, parkere kanoane og skysse elevane tilbake med båt – før det gjekk ut over tryggleiken til elevar og lærarar.

Mat på bål er, nesten, obligatorisk på leirskule
Mat på bål er, nesten, obligatorisk på leirskule
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Lone nytta sin tysdag til tema krigshistorie. Målet var Holdhusstølen og Botnavatnet oppe i Hålandsdalsfjella. Både temperatur, nedbør og ikkje minst vind var endå tøffare oppe i fjellet enn nede i Kikedalen, men trass litt tøffe forhold nådde dei fram til skjulestden for miletært utstyr sendt frå England i 1944 og 1945.

Torsdag, ny utedag, var Løvås på Vengsvatnet med undervisning om fisk og ferskvatn. Grantrekking og studie av fisk er moment som låg inne denne dagen – saman med både kanopadling og bruk av robåt. Lone var, samme dag, til Kikedalen og med ei justering av tidsløypa i dagen så kunne dagen gjennomførast utan for mykje trøbbel med vinden. 

Onsdag var bygdedag med friluftsaktivitetar. Elevane fekk prøve seg på aktivitetar dei ikkje kjende stort til frå før – og fekk utfordra både hjerne, musklar og motorikk då dei skulle utføre oppgåver utan bruk av maskiner og anna teknologi.

Avsluttande besøk i gamle Holdhus kirke
Avsluttande besøk i gamle Holdhus kirke
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag er tid for avreise. Straks etter frukost skal rommet klargjerast til inspeksjon og bagasjen klar for stuing i bussen.  Etter eit raskt besøk i gamle Holdhus kirke var det tid for lunsj og avreise. Med nye opplevingar og erfaringar friskt i minnet, var det då berre ein busstur unna helg. Takk for no til lærarar og elevar frå Lone og Løvås.